Om Teaterfestivalen
Teaterfestivalen 2025 vil bli arrangert 4. - 6. april i Stord kulturhus.
Teaterfestivalen er ein viktig samlingsstad for barn og unge innan scenekunst i Vestland og Rogaland. Rundt 200 unge deltakarar viser teaterframsyningar for kvarandre og deltek på workshop i løpet av ei tettpakka festivalhelg. Vestland fylke er økonomisk støttespelar for denne festivalen som blir arrangert av Stord teaterlag og Stord kommune.
Med lokal forankring og gode samarbeidspartar har ein sidan 1985 klart å byggja opp ein møteplass for teaterfolk der spelegleda alltid er i fokus! Ikkje minst er dette ein stad der alle som ynskjer det kan få stå på scena og vera ein del av det unike fellesskapet ein teaterproduksjon er.
Påmeldingsinformasjon
Påmeldingsskjema finn du på denne lenka.
Er du leiar for meir enn ei teatergruppe/ teaterstykke? På grunn av avgrensingar med skjemaløysinga så må du levera eitt skjema per gruppe/ stykke som skal visast på festivalen.
Frist for påmelding: 25. februar 2025.
Merk at detaljerte skjema (deltakarskjema og tekniske skjema) vil bli sendt ut før festivalen, og at desse må fyllast ut for å kunna delta.
Kven kan delta
Alle opne teatergrupper med utøvande deltakarar i alderen 7 til 21 år kan delta.
- Stykket må vera premiereklart når det kjem til festivalen (eller de kan visa utdrag).
- Scenografien skal vera festivalvenleg (raske sceneskift).
- Speletid 20 - 90 minutt
- Kort riggetid 10 - 15 minutt (maks 15 minutt opprigg, 10 minutt nedrigg) - de får riggehjelp på scena om de har behov for det.
Hos oss får du oppleva
- Ei helg (tre dagar) fullstappa av teaterstykker og ulike sosiale aktivitetar.
- Konsert, disco og teaterverkstadar/ workshops
- Stor og god teaterscene
- Erfarne, dyktige og kjekke teater- og dugnadsfolk
- Hyggjelege og flinke teknikarar
- Måltid heile helga og overnatting på sentral skule med vakthald
- Og sjølvsagt, minner for livet!
Typisk programoppsett
Ei festivalhelg ser vanlegvis slik ut:
Fredag
Registrering/ innsjekk frå kl. 18.
Kveldsmat rundt kl. 20
Aktivitetar frå kl. 19 - 22
Lørdag
Frukost frå kl. 09. Lunsj ca. kl. 13-14. Middag ca. kl. 18-19.
Framsyningar og workshop frå kl. 10 til 21.
Sosiale aktivitetar frå 19-21 (under 13 år) og fram til 22:30 for ungdom.
Søndag
Frukost frå kl. 09. Lunsj (bagett) ca kl. 13
Utsjekk skule innan kl. 11
Framsyningar og workshop frå kl. 10 til ca. kl 15
Festivalslutt ca. 15-15:30
Pris
Alternativ 1
- Festivalpass med overnatting på skule 995,-
Inkluderer 2 overnattingar, alle måltid, framsyningar, aktivitetar og workshop heile helga.
Alternativ 2
- Festivalpass for deltakar som ordnar eigen overnatting 795,-
Inkluderer alle måltid, framsyningar, aktivitetar og workshop heile helga.
FRIKVOTE: Vaksne gruppeleiarar og frivillige har gratis deltaking
(3 fri inntil 20 unge deltakarar, deretter 1 ekstra fri per 10 ekstra deltakarar. Pris for vaksne utover frikvote er 795,- per person.)
Påmeldte grupper 2023
Dei påmeldte gruppene som var med på festivalen i 2023 med 13 ulike teaterstykke.
-Askøy ungdomslag, mellom
-Askøy ungdomslag, ungdom
-Bukkene Bruse, Haugesund barne- og ungdomsteater
-Gjøglerne, Haugesund barne- og ungdomsteater
-Global teater (Bergen kulturskole)
-Haugatun mellom (Bergen kulturskole)
-Haugatun ungdom (Bergen kulturskole)
-Ny Krohnborg (Bergen kulturskole)
-Soria Moria
-Spinae Company
-Stord teaterlag
-Åsatun mellom (Bergen kulturskole)
-Åsatun ungdom (Bergen kulturskole)