Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  03.12.2013
 
Oppdatert: 25.04.2017

Sjuke barn

Her er tips til kva du skal gjere når barnet ditt er sjukt.

Når barnet ditt har mellomøyrebetennelse

Riktig antibiotikabruk er det beste for barnet.

Kva er mellomøyrebetennelse?

Nest etter forkjølelse er akutt mellomøyrebetennelse den vanligaste infeksjonssjukdommen hos barn. Infeksjonen skuldast ofte virus, men kan og kome av bakteriar.

Dei vanligaste symptomane er:

  • Vondt i øyra (skuldast veske i mellomøyra som gir auka trykk og dermed press på trommehinna)
  • Feber
  • Uro
  • Forbigåande nedsett høyrsel
  • Generelt dårleg form
  • Veske som renn fra barnet sitt øyra viss det har gått hol på trommehinna

Alle symptomane treng ikkje å vere tilstades samtidig.

Er behandling med antibiotika naudsamt?

Mellomøyrebetennelse er vondt, men hos dei aller fleste går sjukdomen over av seg sjølv. Smertene gir seg vanlegvis etter 24 timar. Antibiotika hjelp ikkje på smertene, og i dei aller fleste tilfella vert barnet ikkje fortare friskt. Antibiotika kan i tillegg gje ekstra plager for det sjuke barnet, for eksempel diaré og oppkast. Hos barn over eitt år vert det anbefalt å sjå situasjonen an i to til tre dagar.

Dersom smertene ikkje avtar ein av dei første tre dagane eller det renn veske frå barnet sitt øyra lenger enn 24 timer, bør du på nytt ta kontakt med legen.

Etterkontroll: Barnet bør følgjast opp med kontrolltime hos fastlegen etter åtte veker.

Slik kan du hjelpe barnet ditt

Det viktigaste er å lindra barnet sitt ubehag mens kroppen sjølv tar hand om infeksjonen.

Gje barnet smertestillande, for eksempel paracetamol to til tre gonger dagleg. Dersom barnet ditt har feber, verkar dette også febernedsettande. Det kan hjelpa å la barnet liggja med hovudet høgt eller sitja oppreist. Då minskar trykket i øyra, og det gjer mindre vondt. Det kan vera lurt å byggja opp hovudenden i senga med noko hardt (for eksempel bøker) i tillegg til puter.

Gje nesedråpar/spray. Dette lettar passasjen frå nesa til svelget slik at trykket i øyra minskar.

Antibiotikabruk hos barn

Antibiotika er viktige og effektive medisinar i behandling av infeksjonar som skuldast bakteriar. Uriktig bruk av antibiotika kan føra til utvikling av resistente bakteriar. Det vil seie at antibiotikabehandling ikkje lenger har effekt på desse bakteriane.

Kva betyr antibiotikaresistens for behandling av alminnelege luftvegsinfeksjonar hos barn?

Antibiotikaresistente bakteriar er eit aukande problem. Utanfor sjukehus vert antibiotika til behandling av luftvegsinfeksjonar mykje brukt, spesielt hos barn. For å behalda antibiotika som effektiv medisin, er det viktig å begrensa feilaktig bruk av antibiotika i behandling av slike infeksjonar.

Er du i tvil om barnet ditt har ein infeksjon som må behandlast med antibiotika eller andre legemiddel, skal du ta kontakt med lege. Legen vil kunna bidra med råd om korleis du best kan lindra plager hos barnet til infeksjonen går over.

Antibiotika virkar ikkje på virus

Antibiotika virkar ikkje på virus. Virus er årsaka til dei fleste halsbetennelsar, øyrebetennelsar og bihulebetennelsar og alle forkjølingar. Kroppen bekjempar normalt slike virusinfeksjonar på eigahand. Antibiotika har ingen effekt på virus og fører heller ikkje til lindring av barnet sine plager.

Også mange bakterielle infeksjonar går over av seg sjølv utan bruk av antibiotika. Ved dei fleste infeksjonar vert det anbefalt å sjå situasjonen an i to til tre dagar.

Når antibiotika er naudsamt

Når legen har vurdert at barnet har ein infeksjon som må behandlast med antibiotika, er det viktig at heile kuren vert gjennomført slik legen har bestemt. Dersom barnet ikkje fullfører antibiotikakuren, vert berre nokre av bakteriane utrydda. Dei meir motstandsdyktige vil kunna overleva, formeira seg og bli fleire.

Kontaktinformasjon

Legevaktnr

Telefon medisinsk naudhjelp: 113

Legevaktbygget, Tysevegen 62, 5416 Stord

Opningstider:

Kvardagar:   15.00-22.00
Helg:            08.00-22.00
Heilagdagar: 08.00-22.00 

.

Sunnhordland interkommunale
legevakt IKS
c/o Stord kommune
Postboks 304
5402 STORD

Telefon 116 117 eller 53 45 61 40

Org.nr: 812 998 552

Ansvarleg redaktør: Janett Svendsen