Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  06.12.2013
 
Oppdatert: 23.02.2017

Ring oss for å avtala time

Me rår deg til å ringja legevaktnummeret 116 117 før du oppsøkjer legevakta.

Sjukepleiar som tar telefon på legevaktenPå telefon kan du gjera avtale om time og såleis ta ventetida heime. Dei som kjem direkte, vert vurderte på lik line med dei som kontaktar oss på telefon. Dersom det ikkje hastar, må ein venta til ledig time.

Dersom du er usikker på om legevakta er rette plassen å venda seg, kan du gjerne kontakta oss på telefon, og saman kan me finna ut kva hjelp du treng. På telefonen kan me også gje naudsynte råd slik at du eventuelt slepper å koma til legevakta.

Avtalt time kan likevel ikkje binda oss. Uføresette hendingar kjem ofte på legevakta og det som hastar mest, må gå først. Om du må venta, er det fordi andre treng hjelpa raskare.

Dersom tilstanden din vert verre medan du venter, ber me deg ta kontakt med personalet vårt.

Kontaktinformasjon

Legevaktnr

Telefon medisinsk naudhjelp: 113

Legevaktbygget, Tysevegen 62, 5416 Stord

Opningstider:

Kvardagar:   15.00-22.00
Helg:            08.00-22.00
Heilagdagar: 08.00-22.00 

.

Sunnhordland interkommunale
legevakt IKS
c/o Stord kommune
Postboks 304
5402 STORD

Telefon 116 117 eller 53 45 61 40

Org.nr: 812 998 552

Ansvarleg redaktør: Janett Svendsen