Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  25.04.2017
 
Oppdatert: 25.04.2017

Interkommunal døgnavdeling – IDA

Sunnhordland interkommunale legevakt driv legevakt og døgnavdeling for øykommunane Bømlo, Fitjar og Stord med om lag 33500 innbyggjarar.

Døgnavdelinga IDA vart opna 20. mars 2017 og ligg i 2. etasje i legevaktsbygget, og har 9 einmannsrom. Det er eige bad på alle rom. Her er felles kjøken som er betjent av personale, daglegstove med TV og spiserom til pasientar. Utgong til luftebalkong.

4 rom er knytt opp mot øyeblikkeleg hjelp senger og er til for personar med behov for øyeblikkelig hjelp, men som ikkje treng sjukehusinnlegging.

Eksempel på desse kan vere:

  • Astma/KOLS
  • Hjarte/kar-sjukdom
  • Smerteproblematikk
  • Diaré/ forstoppelse
  • Ernæringssvikt/ uttørking
  • Infeksjonar
  • Lettare psykiske lidingar/ rusproblematikk

5 rom er knytt opp mot observasjonssenger. Desse er i hovudsak for pasientar som er utskrivningsklare frå sjukehuset, men som treng auka overvaking for ein kortare periode.

Det er sjukepleiarar tilstade ved døgnavdelinga IDA heile døgeret, og lege tilstade i avdelinga som jobbar aktivt frå klokka 08.00 - 15.30 med eigne bakvaktar på kveld og helg. Pasientar og pårørande vert godt ivaretekne og skal kjenne seg trygge ved døgnavdelinga IDA.

Kontakt

Telefon: 53 23 30 70

E-post: ida@sunnhordland-legevakt.nhn.no

Besøks- og leveringsadresse:

Sunnhordland interkommunale legevakt IKS, Døgnavdeling – IDA
Tysevegen 62
5416 Stord

Postadresse:

Sunnhordland interkommunale legevakt IKS, Døgnavdeling - IDA
C/o Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord

Kontaktinformasjon

Legevaktnr

Telefon medisinsk naudhjelp: 113

Legevaktbygget, Tysevegen 62, 5416 Stord

Opningstider:

Kvardagar:   15.00-22.00
Helg:            08.00-22.00
Heilagdagar: 08.00-22.00 

.

Sunnhordland interkommunale
legevakt IKS
c/o Stord kommune
Postboks 304
5402 STORD

Telefon 116 117 eller 53 45 61 40

Org.nr: 812 998 552

Ansvarleg redaktør: Janett Svendsen