Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Legevaktbil
Av:  Stord kommune
Publisert:  03.12.2013
Foto: Janett Svendsen
Oppdatert: 23.02.2017

Akutt legehjelp

Legevakta er spesielt innretta mot akutte skadar og alvorlege sjukdomar.

Legevakta tilbyr hjelp ved akutte skadar, sjukdomar og kriser. Me behandlar også mindre alvorlige akutt-tilstandar, men alvorlige tilstandar vert behandla først. Kroniske sjukdomar vert berre behandla når det er ei akutt forverring eller anna akutt behov.

Mellom klokka 22.00-08.00 tek ein kun i mot pasientar som treng akutt augeblikkeleg hjelp. Mindre alvorlege tilstandar blir vist til dagtid og pasienten sin eigen fastlege. Med augeblikkeleg hjelp meiner ein

  • Livstrugande sjukdom eller skade
  • Alvorlig sjukdom eller skade, eller mistanke om dette
  • Sjukdom eller skade der det kan medføre fare for varig helseskade eller vesentleg forverring ved å vente med legekonsultasjon til neste dag
  • Utålelige symptom (smerte, kvalme eller liknande).

Kva tid skal du ringja 113

Ved ulukker og alvorlege hendingar der du treng akutt helsehjelp, skal du ringja 113. Har du eitt av desse symptoma skal du alltid kontakta medisinsk naudhjelp 113:

  • Nye lammelsar i ansikt, arm eller underekstremitet
  • Nytilkomne språkforstyrringar, finn ikkje ord eller utydeleg tale
  • Uforklarleg og plutseleg ustø
  • Om ein person er medvitslaus eller har nedsett medvit
  • Brystsmerter i meir enn fem minutt
  • Bruk av hjertemedisinen nitroglyserin gjev mindre effekt enn til vanleg
  • Uventa ubehag i brystet, generell uvel og kvalme

Kontaktinformasjon

Legevaktnr

Telefon medisinsk naudhjelp: 113

Legevaktbygget, Tysevegen 62, 5416 Stord

Opningstider:

Kvardagar:   15.00-22.00
Helg:            08.00-22.00
Heilagdagar: 08.00-22.00 

.

Sunnhordland interkommunale
legevakt IKS
c/o Stord kommune
Postboks 304
5402 STORD

Telefon 116 117 eller 53 45 61 40

Org.nr: 812 998 552

Ansvarleg redaktør: Janett Svendsen