Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  16.04.2009
 
Oppdatert: 17.03.2016

Venskapskommunar

Stord kommunestyre vedtok i 1987 å etablera eit formelt venskapssamband med Hangö i Finland. Hangö kommune er venskapskommune med Halmstad i Sverige og Gentofte i Danmark, og via dette sambandet er også desse to kommunane etablerte som venskapskommunar med Stord.

Les meir om bakgrunnen til venskapssambandet med Hangö kommune.

Sidan 1989 har Stord kommune hatt eit venskapssamarbeid med Comalapa kommune i Guatemala. I 1995 og 1997 anerkjende Stord kommune og Comalapa kommune kvarandre som offisielle venskapskommunar.   

Føremålet med venskapskommunesamarbeidet er ikkje berre høvet til kulturell og sosial utveksling. Det er også erfaringsutveksling innan ulike fagområde, t.d lokal administrasjion, kommunale serviceytingar, utdanning, sosiale forhold, byplanlegging, miljøarbeid og energi.

Særleg har kontakten og samarbeidet med Comalapa utvikla seg gjennom ulike utviklingsprosjekt. I 2002 fekk Stord og Comalapa høve til å begynna gjensidig langtidsutveksling med støtte frå Fredskorpset. Stord kommune og Comalapa er frå 2008 med i NORAD og KS sitt kommune-til kommuneprogram (MIC).  MIC-prosjektet vert avslutta i 2014.

Kontakt Stord kommune

Dersom lag og organisasjonar ønskjer å å vitja ein venskapskommune kan Stord kommune vera behjelpelege med kontaktinformasjon. Ring Kundetorget på telefon 53 49 66 00 for meir informasjon.

Venskapskommunar

Kontakt kulturtenester

Telefon:
53 49 69 50

E-postadresse:
kulturtenester@stord.kommune.no

Opingstider:
09.00-15.30

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen