Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord Ve og vel
Publisert:  22.01.2010
 
Oppdatert: 24.05.2017

Velkomen til Velferdsklubben Stord kommune Ve og Vel

Føremål

Klubben sitt føremål er å fremja eit godt sosialt miljø blant alle tilsette i Stord kommune, m.a. ved å opparbeida felles interesser for fritidssysler som idrett, friluftsliv og andre sosiale tiltak.

Vedtektene finn du her

Referat frå siste årsmøte ligg her

Føl oss på Facebook her


Velferdstilbod

 

Hytter

  • Leilegheiter i Røldal
    Stord Ve og Vel eig tre leilegheiter, to store og ei lita, ved Røldal Terasse. Dei  store (69 m2) er identiske berre speglvende, og har 8 sengeplassar kvar. Den vetle er 28 m2, men godt utnytta arealmessig og har 3 sengeplassar. Her er velutstyrte kjøken og i kjellaren finn du garasje med bod. Leilegheitene ligg ca 1 km frå Røldal skisenter og det går bussar opp frå Terassen. Inkludert i leiga er 2 skikort på dei store leilegheitene og 1 på den vetle. For meir info sjå:

    Informasjonsskriv om leilegheitene i Røldal

    eller kontakt Tori Stokke Mæhle på telefon 990 08815 eller mail tori.stokke.maehle@stord.kommune.no

    Søk på leilegheitene i Røldal (Det er berre mogleg å søkja innan gitte søknadsfristar) 

      
  • Husøya, helge- og vekeopphald
    Namnet på øya kjem truleg av at det ein gong har stått eit hus der. Kva tid det var og kven som budde der veit ein ikkje. Øya tilhøyrde opphavleg Hystadgarden. I 1919 kjøpte skipsreiar og fabrikkeigar Mons Isaksen Aslaksvik Husøya. I 1934 vart øya seld til ingeniør Steien. Året etter kjøpte kaptein Høviskeland som budde på Hystad, Husøya. Det var familien Høviskeland som bygde hytta som no er restaurert.

    Kommunen overtok øya 9/2-1973 og sjøspeidarane fekk nytta hytta mot å halda ho i stand. No er det Velferdsklubben som disponerer hytta. Det vart lagt ned mykje godt dugnadsarbeid før ho var ferdig for utleige frå juli -2000.
    I 2015-17 vart taket skifta, ny landgang er kome til og det er gjort fleire andre oppgraderingar.

    Hytta ligg lunt til på austsida av øya og her er fint å bada. Hytta er utstyrt med straum, innlagd vatn, Tv og kjøleskåp. Det er dyner og bestikk.

    Dette er eit flott tilbod som me håpar medlemmane gjer seg nytte av. Velferdsklubben disponerer båt til utleige, denne kan òg leigast separat.

    Pris: Medlemmer kr. 50,- pr. døgn. Ikkje medlemmer: kr. 100,-
    Kontakt: Ve og Vel

 

Ferietilskot

Til sommar- og julaferien trekkjer me ut premiar i form av gåvekort, mat, kinobillettar eller andre høvelege ting. Her er alle som er medlem med i trekninga. Om ein vinn hovudvinstar vert det sett karantene på 2 trekningar slik at sjansane vert større for dei som ikkje har vunne før.


Bading i Rehabiliteringssenteret

Frå slutten av september og til påske leiger Ve og vel bassenget ein time pr veke. For tida er det kvar tysdag frå 19.00 – 20.00. Tilbodet gjeld alle medlemmane i Stord Ve og Vel, men det er ikkje høve til å ta med born denne timen.

 
Julatrefest for born

Velferdsklubben freistar arrangera julatrefest kvart år for borna, og gjerne barnebarn til tilsette i Stord kommune.


Trimrom i Rådhuskjellaren

Ve og Vel har utstyrt eit trimrom i Rådhuskjellaren. Dette bør du prøva! Etter stengetid kan du låna nøkkel i Kulturhuset.


Turar

Det vert og arrangert ulike turar i Velferdsklubben sin regi. Til dømes teaterturar, bowlingturar og andre turar.


Utleige av diverse utstyr

Medlemmane kan leiga diverse utstyr som tilhengar, kompostkvern, kappsag, greinklyppar, straumaggregat etc. Oversiktslister skal henga som oppslag på dei ulike arbeidsstadane.

Utleigelista med prisar for 2017 finn du her


Medlemsskap

Alle tilsette i Stord kommune og tilsette i heilt eller delvis eigde aksjeselskap har rett til å vera medlem i Velferdsklubben. I klubben har alle medlemmer same rettar, uansett stilling. Pensjonistar kan framleis vera medlemmer ved å betala kontingent.

Nytilsette i Stord kommune vil frå fyrste dag få tilbod om å bli medlem og har alle rettar i Velferdsklubben ved betaling av kontingent. Medlemsskapet er friviljug. Utmelding skal skje skriftleg.

NB! Fleire pensjonistar som har jobba i Stord kommune er og med hos oss. Ved å betala kontingent er dei fullverdige medlemmar med same rettar som alle andre.


Kontingent og innmelding

Årskontingent er frå 2015 kroner 280,- pr år (vert trekt på marsløna).
Vil du verta medlem?
Send mail til laila.skjelnes@stord.kommune.no  
med namn og tilsettnummer

Styret

Styret i Stord kommune Ve og Vel:

Leiar: Tore Hatlevik, Kulturtenester, tlf. 98 26 99 00
Nestleiar: Espen Lamo, Stord kommunale eigedom, tlf. 97 55 20 47
Kasserar: Laila Dreyer Skjelnes, Eining for Habilitering, tlf 53 49 69 81
Skrivar: Sylve Rusten, Utviklingsgruppa, tlf. 53 49 69 31

Øvrige styremedlemmar:
Hilde Susann Aadland Personalgruppa, tlf. 53 49 69 63 / 95 27 37 68
Marion Ersland Mæhle, Heimebaserte tenester, tlf. 93 23 08 38
Tori Stokke Mæhle, Tjødnalio skule, tlf. 99 00 88 15
Kristina Breivik, Tjødnalio skule, tlf. 41 44 73 43
Marit Skard, Stord kommunale eigedom, tlf. 97 55 20 69

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen