Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Fairtrade sin stand på Stordfest 2010
Av:  Nina Sørli
Publisert:  02.07.2010
 
Oppdatert: 16.11.2015

Stord er Fairtrade-kommune

Stord har status som Fairtrade-kommune og skal jobba aktivt med å auka kjennskapen til og forbruket av Fairtrade-merka produkt i lokalmiljøet vårt.

For å få status som Fairtrade-kommune er det eit krav at Fairtrade-produkt skal vera tilgjengeleg i eit tal daglegvarebutikkar, og at fleire verksemder og organisasjonar serverer slike produkt til tilsette.

Ei handsrekking

Gjennom Fairtrade-ordninga er arbeidarane sikra ei garantert minsteløn, verdige og trygge arbeids- og sosiale forhold. Vidare sikrar merkeordninga at ein del av inntektene frå sal kjem attende til arbeidarane slik at dei gjennom demokratiske prosessar kan byggja opp lokalsamfunnet til felles beste.

Krav til kontinuerleg arbeid

For å oppretthalda status som Fairtrade-kommune, må kommunen kvart år auka dei offentlege innkjøpa av Fairtrade-produkt og arbeida aktivt med å ta inn nye produktgrupper. Kommunen vil også utfordra nabokommunane våre til å bli Fairtrade-kommunar.  

Styringsgruppa

Stord kommune si styringsgruppe for Fairtrade er samansett av representantar frå Næringslivet, fagrørsla, kommunepolitikarar og kommuneadministrasjon. Vil du vera med?

Verksemder, lag og organisasjonar som vil gjera noko aktivt for å fremja dette arbeidet er velkomne til å ta kontakt med Stord kommune.

Send e-post til: post@stord.kommune.no

Biletet: Frå kommunen sin Fairtrade-stand på Stordfest 2010.

Meir om Fairtrade på www.fairtradenorge.no

Aktuelle dokument

Relaterte artiklar

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen