Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  02.03.2017
 
Oppdatert: 03.03.2017

Innbyggjarmedverknad

Korleis skal me ta vare på og utvikla nærmiljøa slik at folk som bur her trives og har gode liv? No kan du seie di meining om kva som er viktig for deg.

Våren 2016 fekk folk i Sagvåg-Litlabø gje innspel til kommunedelplan for bydelen. No er det resten av kommunen sin tur.

I dei komande vekene vil deltakarar i prosjektet «Nærmiljø og lokalsamfunn som fremjar folkehelsa» stå på stand ulike stadar og invitere folk til å gje innspel til ny kommuneplan.

Det er synspunkt på gode møteplassar og triveleg nærmiljø som har fokus. Innspela vil bli samla i ein innspelsrapport som inngår som grunnlag for kommuneplanarbeidet.

Her kan du gje innspel:

Du kan gje innspel elektronisk her: skjema for innspel eller Facebook. Du kan óg møta deltakarar i prosjektet og gje innspel her:

Stad

 Dato

 Kl

Spar Haga

Tysdag 14. mars

10 - 18

Spar Ådland

Torsdag 9. mars

09 - 19

Rema Bjelland

Torsdag 16. mars

09 - 21

Rema Heiane

Fredag 17. mars 09 - 19

Kiwi Studalen

Fredag 24. mars 09 - 19

Karjolen kafé

Torsdag 16. mars 09 - 12

Hystadmarka tursti

Søndag 19. mars

11 - 14

Ådlandsvatnet turveg

Søndag 23. april

10 - 14

Landåsen turveg (vabakkjen)

Søndag 26. mars

11 - 15

Skjepåsen, gapahuk

Søndag 19. mars

11 - 15

Torget, Leirvik

Laurdag 6. mai

10 - 14

 

Skal planarbeidet vera i tråd med folk sine behov er det naudsamt at så mange som mogleg fortel kva dei trur er viktig for eigen trivnad og for andre.

Involverer barn og unge

Kommunane Stord, Bømlo, Askøy, og Fjell deltek saman med Hordaland fylkeskommune i det nasjonale treårige prosjektet om nærmiljø og folkehelse. Prosjektet er initiert av Helsedirektoratet og har som mål å utvikle gode metodar for å få fram lokal kunnskap mellom anna gjennom involvering av innbyggjarane.

I tillegg til innspel frå folk flest, har prosjektet fokus på å involvere barn og unge. Fleire barnehagar og skular vil ha aktivitetar der barna/elevane får fremja sine syn på nærmiljøet. Følgjande barnehagar og skular deltek:

Barnehagar: Sæ, Vilvettene, Olderdalen, Trodlahaugen, Furuly, Sævarhagen

Skular: Leirvik, Hystad, Langeland, Nordbygdo, Stord vgs.

Kontaktinformasjon

Folkehelsekoordinator
Tove Agdestein

Telefon
53 49 66 63 / 97 55 22 09

E-postadresse
tove.agdestein@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen