Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  25.10.2010
 
Oppdatert: 03.04.2017

Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering

Kontaktstad for menneske som har behov for samordna tenester

Kva er koordinerande eining?

Alle kommunar og regionale helseføretak skal ha ein koordinerande eining for habilitering og rehabilitering. Ansvaret for habilitering og rehabilitering er definert i forskrift om habilitering og rehabilitering kapitel 2.

Les meir om habilitering og rehabilitering her

I Stord kommune er det Tildelingskontoret som har funksjonen koordinerande eining.

Habilitering og rehabilitering er tidsavgrensa, planlagde prosessar med klare mål og verkemiddel kor fleire aktørar samarbeidar om å gje nødvendig bistand. Habilitering og rehabilitering skal bidra til at menneske med nedsett funksjon opplever meistring, sjølvstende og får delta i samfunnet på eigne premisser.

Habilitering og rehabilitering er definert i forskrift om habilitering og rehabilitering §2.

Kven kan vende seg til koordinerande eining?

Alle kommunen sine innbyggjarar, tilsette i kommunen eller eksterne samarbeidspartnarar kan venda seg til Tildelingskontoret. Koordinerande eining er ein kontaktstad for menneske som har behov for samordna teneste uavhengig av alder eller helsetilstand.

 

Oppgåver

  • Vera lett tilgjengeleg stad å venda seg for informasjon og/ eller melde sitt behov.
  • Ha ein generell oversikt over habiliterings- og rehabiliteringstilbodet i kommunen og i helseregionen.
  • Vera fast kontaktstad for spesialisthelsetenesta og andre samarbeidspartnarar.
  • Vera stad å vende seg for individuell plan
  • Ha systemansvar for individuell plan;  ha oversikt over og peike ut koordinator, opplæring av koordinatorar , oversikt over individuelle planar.
  • Bidra til tverrfagleg samarbeid på tvers av einingar og nivå.
  • Vera ein pådrivar når det gjeld samordning og utvikling av tilbod 

Kontaktinformasjon

Telefon

53 49 66 00 (sentralbordet)
53 49 66 01 (fax)

E-postadresse

Postadresse

Borggata 2
Postboks 304, 5402 Stord

Kontakt sakshandsamar direkte

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen