Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord sjukeheim
Publisert:  03.03.2010
 
Oppdatert: 26.09.2014

Støttefunksjonar

Legeteneste

Det er 4 legar ved sjukeheimen. Kvar avdeling har tilknytta sin lege (avdeling Backertunet har to). Kvar lege har kontortid ved sjukeheimen ein formiddag pr veke, og kan elles kontaktast innafor kontortida. Utanom kontortid nyttar vi legevakt.

Kjøkken

Alle avdelingane har spiserom med tilknytta avdelingskjøkken, der tørrmat blir laga til dagleg. Det er måltidsgrupper i alle avdelingane, for bebuarar som har glede og nytte av felles måltider.

Middagen vert levert kjølt 2 gonger pr veke frå eksternt kjøkken, og vert slutt-tilberedt på mottakskjøkken før servering. Eige kjøkkenpersonale har ansvar for denne prosessen. Frå mottakskjøkkena vert maten transportert i høvelege transportvogner/kasser ut til avdelingskjøkkena. Tørrmat vert levert ut til avdelingskjøkkena 3 gonger pr veke.

Kjøkkenkoordinator

Svein Håkon Johnsen, Tlf 54 45 43 04 evt. mobil: 489 90916.

Reinhald

Kommunen si reinhaldsavdeling har ansvar for dagleg reinhald på sjukeheimen. Det er hovudsakleg faste reinhaldarar som vaskar på sjukeheimen.

Vaktmeister

Stord kommunale eigedom KF har ansvar for vaktmeisteroppgåver.

Fysio-/Ergoterapi samt logopedteneste

Fysioterapi og ergoterapi får vi frå Stord kommunale rehabiliteringssenter etter tilvisning. Eigne rutinar gjeld på rehabiliteringsgruppa.

Vaskeri

Sengetøy og frottè og liknande vert vaska ved Valen Vaskeri. Når det gjeld bebuartøy, er dette forskjellig frå avdeling til avdeling. I avdeling Backertunet vert tøyet vaska i eige vaskerom i kvar gruppe. I dei to andre avdelingane vert tøyet vaska på eige vaskeri som ligg på Knutsaåsen Omsorgsenter. Alt tøy skal vere merka med pasienten sitt namn, samt med nr "12" , som er sjukeheimen sitt nr. for vask ved Valen vaskeri. Dette vert gjort for å sikre at tøy som blir lagt feil, kjem attende. Det er pasienten/pårørande sitt ansvar å merke tøyet. Alt tøy må kunne vaskast i maskin.

Dersom tøyet ikkje er merka, må pårørande ta det heim for vask. Dette gjeld mellom anna for korttidsbebuarar.

Andre tilbod:

  • Tannlege og tannpleiar har tilsyn og gjev naudsynt behandling.
  • Frisør og fotpleiar til faste vekedagar.
  • Røde Kors pasientvener besøker avdelingane éin gong i veka.
  • Andakt kvar veke.

Kontaktinformasjon

Stord sjukeheim

Adresse
Kringsjå 8
5417 Stord
Vis kart

Telefon / faks
53 45 45 00  / 53 45 45 30

Einingsleiar
Esther Aasen Bjelland

Telefon
53 45 45 10 

Mobil
97 55 20 97

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen