Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord sjukeheim
Publisert:  03.03.2010
 
Oppdatert: 28.09.2016

Avdeling Somatisk

Avdelinga ligg delvis i 1.etg. i gamlebygget, delvis i 5.etg nybygg og har 20 plassar.
Avdelinga har to stover/opphaldsrom for bebuarane. Den største stova ligg inn mot glasbrua med fin utsikt over sansehagen. Det er direkte utgang til uteplass frå stova.

Avdelingssjukepleiar er: Ida Elin Hatlevik Tvedt

e-post: ida.elin.tvedt@stord.kommune.no

 Tlf: 53 40 44 73

Vakttelefon til avdelinga: 53 45 45 32

Måltid

Avdelinga har spiserom for bebuarane. Dette ligg i 5. etg. nybygg, og her vert alle måltider servert, for dei som kan og vil delta. I tillegg bruker vi stove i sør (gamlebygget) til spiserom for ei gruppe bebuarar.

Avdelinga har ulike målgrupper

Avdelinga gir tilbod til bebuarar med nedsett funksjonsnivå pga ulike kroppslege sjukdomar. Mange bebuarar har fleire diagnosar. Avdelinga gir og tilbod til bebuarar med alvorleg demenssjukdom. Bebuarane vert overflytta frå demensavdelinga når demenssjukdomen er blitt så alvorleg at bebuarane (etter ei fagleg vurdering) ikkje har glede/nytte av miljøtiltak og sosialt samvær, slik det vert tilbydd i demensavdelinga.

Heimekoselege rom

Standard møblering er seng, nattbord og gardiner. Me ynskjer at dei som bur her fast, har med seg både godstolen og ting dei set pris på frå heimen. Ei god leselampe kan og vera viktig. Det er fint om de nyttar rommet til bebuaren når pårørande er på besøk. Når bebuaren har besøk, vil me vanlegvis servera bebuaren sitt måltid på rommet.

Aktivitetar

På kvardagane (både på dag og kveldstid) er det tilbod om aktivitetar som t.d. bingo, songstund med pensjonistkoret, trim, andakt, høgtlesing, kaffikos eller liknande. Røde Kors pasientvener vitjar sjukeheimen ein gong i veka.

Intern flytting i sjukeheimen

Sjukeheimen gir tenester til ulike brukarar med mange forskjellige diagnosar. Avdelingar og rom er ulike, med nokre spesielle tilpassingar. Eit døme på dette er at dei 5 pasientromma i 5. etg. i avdeling 1, har installert takheis. Desse romma er planlagt nytta til svært tunge brukarar, som fleire gonger dagleg flyttar seg frå seng til stol og vice versa. Det vil på grunn av slik spesialisering vera naudsynt å gjera enkelte interne flyttingar, for å gi eit best mogeleg tilbod til samtlege bebuarar. Det vil alltid liggja ei fagleg vurdering til grunn for flytting. Pårørande vil verta informert.

Kontaktinformasjon

Avdeling Somatisk 


Avdelingssjukepleiar

Ida Elin Hatlevik Tvedt

Telefon

53 40 44 73

Vakttelefon

53 45 45 32

e-post

ida.elin.tvedt@stord.kommune.no

 

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen