Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord sjukeheim
Publisert:  03.03.2010
 
Oppdatert: 22.02.2017

Avdeling Backertunet

Avdelinga er bygd spesielt for personar med demenssjukdom, og har plass til 27 bebuarar, fordelt på 4 grupper. Kvar gruppe har stove, kjøkken med spiseplass og servicerom (vaskerom, skyllerom, lager, vaktrom/kontor) i tillegg til bebuarrom med eigne bad. Kvar gruppe har direkte utgang til hage.

Bebuarar i denne avdelinga bør kunne gjere seg nytte av miljøtilbod og samvær med andre bebuarar. Når demenssjukdommen er blitt så alvorleg at bebuaren (etter ei fagleg vurdering) ikkje har glede/nytte av tilbodet, får han/ho flytte til ei eigen gruppe i somatisk avdeling. Pårørande vil verte informert.

Avdelingssjukepleiar er Solfrid Aasheim 
Tlf: 53 45 45 05
Vakttelefon i avdelinga: 53 45 45 11

Heimekoselege rom

Standard møblering er seng, nattbord og gardiner. Vi ønsker at dei som bur her fast, har med seg både godstolen og ting dei set pris på frå heimen. Ei god leselampe kan og vere viktig. Det er fint om de nyttar rommet til bebuaren når pårørande er på besøk.

Grupper:

Skjerma gruppe

Tlf: 53 45 45 04 evt 53 45 45 14
Stord kommune har oppretta eit spesialtilbod til demente personar med særleg behov for oppfølgjing. Gruppa her har plass til 6 bebuarar. Her er det meir bemanning og betre avgrensa miljø. Eit tilbod i denne gruppa vil alltid vere avgrensa i tid. Når bebuaren etter ei fagleg vurdering ikkje lenger treng slik oppfølging, skal han/ho flytte til ein vanleg institusjonsplass.

Det er utarbeidd kriterier for bruk av plassane i gruppa:
Pasienten skal vere diagnostisert før innlegging
Pasienten skal vere forholdsvis fysisk og mobil
Pasienten har slik åtferd at det av omsyn til tryggleik og verdigheit er behov for skjerming og tett oppfølging

Bufellesskapet

 Tlf: 53 45 45 01 evt 53 45 45 12
Gruppa har plass til 7 bebuarar, og målgruppa er oppegåande personar (med diagnostisert demenssjukdom) som kan delta i daglegdagse aktivitetar. Demensdiagnose skal vere stilt før innkomst.

Midtgruppa

 Tlf: 53 45 45 02 evt 53 45 45 17
Gruppa har plass til 7 bebuarar, og målgruppa er oppegåande personar som treng noko større grad av hjelp og tilrettelegging. Unntaksvis kan rullestolbrukarar få plass, dersom dei elles kan gjere seg nytte av miljøtiltak. Demensdiagnose skal vere stilt før innkomst.

Indre gruppe

Tlf: 53 45 45 03 evt 53 45 45 19
Gruppa har plass til 7 bebuarar, og målgruppa er oppegåande personar med noko større behov for skjerming pga uro, angst etc. 1-2 av plassane skal vere sett av til korttidsbruk. Desse plassane kan nyttast til korttid/avlastning, utgreiing og diagnostisering.

Ved tildeling av faste plassar skal demensdiagnose skal vere stilt før innkomst. Korttidsplassane her kan nyttast for demensutredning

Kontaktinformasjon

Avdeling Backertunet

 

Avdelingssjukepleiar

Solfrid Aasheim

Telefon

53 45 45 05

Vakttelefon

53 45 45 11

e-post

solfrid.aasheim@stord.kommune.no  

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen