Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Sansehagen ved Knutsaåsen Omsorgssenter
Av:  Stord kommune
Publisert:  28.04.2009
 
Oppdatert: 03.04.2017

Knutsaåsen Omsorgssenter

På Knutsaåsen Omsorgssenter er det 46 rom, organisert som omsorgsbustader.            

Individuelt tilpassa tenester av fagpersonale som er tilgjengelege heile døgnet

 

Visjon

 

Knutsaåsen Omsorgssenter – kultur, trivsel og omsorg i kvardagen.

 

Overordna mål

  • Knutsaåsen Omsorgssenter skal vera open og ein del av Stordsamfunnet.
  • Alle som har heimen sin her, deira pårørande og alle andre som vitjar oss skal kjenna seg velkomne.
  • Skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø.
  • Ta vare på den enkelte bebuar sine fysiske og psykiske ressursar, ynskje og behov, ut frå grunnleggjande prinsipp i sjukepleie.
  • Leggja til rette for at tilværet for bebuarane vert så nært opp til tidlegare livsførsel som mogeleg.
  • Samarbeida med pårørande for å oppretthalda det sosiale nettverket til bebuarane.
  • Utøva oppgåver av fagleg høg kvalitet overfor bebuarar og pårørande.
  • Gje personar under utdanning gode læresituasjonar.
  • Personalet har høg fagkompetanse. 

 

Søknad og tildeling av plass/tenester

 

Søknad og tildeling av tenesta vert handsama av Tildelingskontoret. Romma er umøblerte, og dei som får plass møblerer romma sine sjølve eller saman med pårørande.

Bebuarane dekkjer utgifter på same måte som om dei bur i eigen heim. I eigenbetalinga ligg betaling for husleige m/straum, mat, leige og vask av handklede/sengetøy og privattøy. Kommunen vaskar fellesrom etter faste satsar. Det er høve til å søkja om tekniske hjelpemidlar frå Hjelpemiddelsentralen.

Betalingssatsar-sjå link til informasjonsbrosjyre

 

Aktivitetar

 

Andaktar av prest og frivillige

Frelsesarmeen annan kvar tirsdag formiddag

Kaffikos der lokale musikarar kjem annan kvar tirsdag formiddag

Røde-kors pasientvenene kjem på besøk ein gong i veka

Me har salg av klær og sko ca 4 ganger i året i storstova

Høgtlesing av bladet Sunnhordland

Arrangement i samarbeid med biblioteket/kulturskulen

Besøk av barnehagar, kor og andre frivillige

Bingo i 2.etg og avd 2 kvar veke

 

Andre tilbod

  • Legetilsyn ein gang i veka
  • Fotpleiar
  • Frisør
  • Tannpleiar

 

Kontaktinformasjon

Adresse

Knutsaåsen 1 (kart)
5417 Stord

Avdeling 1

Telefon 53 45 43 01/ 53 45 43 34

Avdelingssjukepleiar

Lidveig Stubhaug
Telefon 53 45 43 06
E-post lidveig.stubhaug@stord.kommune.no

Avdeling 2

Telefon 53 43 43 02/53 45 43 44

Avdelingssjukepleiar

Torill Eskeland
Telefon 53 45 43 05
E-post: torill.eskeland@stord.kommune.no

Natt-tlf 53 45 43 32 (avd 1 og 2)

Einingsleiar

Esther Aasen Bjelland

Telefon

53 45 43 03

Mobil

975 52 097

E-post

esther.aasen.bjelland@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen