Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Varselmeg logo
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  23.01.2015
 
Oppdatert: 14.10.2016

Varsling24

Stord kommune har tatt i bruk varslingssystemet Varsling24 for å varle innbyggjarane i eit geografisk område.

Me varsler på SMS til mobiltelefon, talemelding til fasttelefon og e-post.

Når blir systemet brukt?

Kommunen informerer innbyggjarane digitalt via SMS/talemelding/e-post ved hendingar der dette er føremålstenleg. Det kan vera ved vasstenging, stengte vegar, evakuering og andre forhold som krever rask informasjon.

Kan me nå deg?

Det finst to ulike register som vert nytta for å nå deg som innbyggjar:

  1. www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon I dette felles nasjonale kontaktregisteret anbefalar me å legga inn både mobiltelefon og e-postadresse då mange henvendingar frå det offentlege vil føregå her i fremtida. Dette på lik line med sjølvmeldinga som de kanskje er kjend med frå tidlegare.
  2. www.varslemeg.no som er eit tilleggsregister nyttar du dersom du ønskjer å motta varsel for ei adresse du ikkje er registrert med bustadadresse på.

Verksemder

Verksemder må registrera nøkkelpersonar ved å gå inn på lenka www.varslemeg.no. Du kan registrera så mange nummer du vil per adresse.

Ofte stilte spørsmål

Korleis virkar varslingen?

Meldingen vert sendt som SMS til mobiltelefonar og ein automatisert talemelding til fasttelefon. Talemelding vert lest inn som "tekst til tale". På slutten av meldingen blir du bedd om å tasta: 1 - for å bekrefte at du har oppfatta meldingen  9 - dersom du ønskjer å høyra meldingen ein gong til.

Er mitt mobilnummer registrert?

Så lenge du er registrert i «kontaktregister for offentlig forvalting» på rett adresse er alt i orden. Denne oppføringen gjeld for den adressa du er registrert med i Folkeregisteret. Oppføringa di kan du sjekke ved å logge deg inn her: http://www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon

Eg har hemmeleg nummer. Blir eg varsla?

Varsling 24 varslar ikkje hemmelege nummer. Dersom du likevel ønskjer å få varsel frå din kommune, gjer ein tilleggsoppføring på www.varslemeg.no. Kryss av for "hemmeleg nummer".

Korleis får eg varsel for andre adresser enn bustadadressa mi?

www.varslemeg.no kan du legga inn tilleggsadresser som du ønskjer varsel for. Dette kan gjelda barn i studentbustad, foreldra dine sin bustad eller ein fritidseigedom. Slik gjer du:

  • Under "Tilleggsoppføring" klikker du "Legg til ditt telefonnummer".
  • Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk "send".
  • Du mottar ein kode på SMS, som du bruker for logge deg inn.
  • Her kan du legge til andre adresser du vil varslast for. Namn = den som bur på adressa du registrerer.

Eg bur i burettslag/blokk/sameige. Blir alle på adressa mi varsla?

Alle einingar i eit burettslag eller sameige vert varsla om du er registrert i «kontaktregister for offentlig forvaltning».

Korleis finn eg ut om foreldra mine si adresse er i ein kommune som brukar Varsling 24?

Ta kontakt med den respektive kommune for å høyra om dei brukar Varsling 24.

Korleis kan eg sjå kva adresse eg får varsel for?

www.varslemeg.no kan du sjekka andre varslingsadresser som er oppført på mobilnummeret ditt, utanom den offiisielle bustadadressa du er registret med i «kontaktregister for offentlig forvalting». Slik gjer du:

  • Under "Tilleggsoppføring" klikker du "Legg til ditt telefonnummer".
  • Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk "send".
  • Du mottar ein kode på SMS, som du brukar for logga deg inn.
  • Her ser du lista over adresser registrert på mobilnummeret ditt.
  • Her kan du òg sletta adresser eller legga til fleire.

Siste nytt frå brannvesenet

Kontaktinformasjon

Einingsleiar/brannsjef

Børge Presthaug                

Telefon

534 96846

Mobiltelefon

975 52050 

E-postadresse

borge.presthaug@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen