Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Brannstasjon med utrykkingskjøretøy
Av:  Emma Ölander Aadland
Publisert:  07.01.2015 12:03
 
Oppdatert: 06.05.2015 11:37

Nytt namn på brannvesenet

Frå 1. januar 2015 heiter brannvesenet i Stord kommune Stord brann og redning.

- Organisering, dimensjonering og lokalisering av brannvesenet på Stord må sjåast i eit 10-20 års perspektiv. Tilhøva i kommunen har endra seg dei siste 10-15 åra, både med omsyn til innbyggjartal, høghus, nye institusjonar og omsorgsbustader samt endring av infrastruktur med mellom anna Bømlafjordtunellen og sterk auke i trafikken på E39, fortel brannsjef Børge Presthaug.

Nasjonalt kan ein sjå at brannvesenet sine innsatsoppgåver dei seinare åra er endra frå å ha hovudvekt på bygningsbrannar til stadig meir innsats ved andre ulykker. Av denne grunn nyttar fleire kommunar i dag omgrepet brann- og redningsvesen/etat.

Følgjer opp avvik med namnendringa

Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) har nedsett ei arbeidsgruppe som har utarbeidd ei brannstudie som set føringar for korleis kommunane i Noreg skal organisere brann- og redningsetatane i framtida. Stord kommune ved brannvesenet la fram ei fersk ROS-analyse i slutten av 2014. I forstudien konkluderte arbeidsgruppa med at eit av tilhøva Stord kommune bør gjennomføra for å følgje opp dei avvik og manglar som vart påviste i ROS-analysen er å etablere eit nytt namn på brannvesenet.

Brannsjefen har difor vedteke å endra namnet frå og med 1. januar 2015.

- Endring av logoar med meir vil bli gjennomført i første del av 2015, opplyser han.

Siste nytt frå brannvesenet

Kontaktinformasjon

Einingsleiar/brannsjef

Børge Presthaug                

Telefon

534 96846

Mobiltelefon

975 52050 

E-postadresse

borge.presthaug@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen