Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  04.08.2009
 
Oppdatert: 02.05.2017

Stord kommune si pensjonsordning

Stord kommune har pensjonsordning hos KLP for tilsette på kommunalt avtaleverk, og hos Statens pensjonskasse for tilsette på statleg avtaleverk.

Alle tilsette vert trekte 2 % pensjonsinnskot frå løna.

Om tenestepensjonsordninga

  • Ordninga omfattar alle tilsette (faste og mellombels).
  • Ordninga garanterer medlemene ein samla alders-/uførepensjon på minst 66 % av pensjonsgrunnlaget ved full opptening. Pensjonsordninga gjev òg rett til ektefelle- og barnepensjon.
  • Pensjonane vert regulerte i samsvar med regulering av folketrygda sitt grunnbeløp.

Om Avtalefesta pensjon (AFP)

  • AFP er den pensjon ein arbeidstakar har rett til i samsvar med denne tariffavtalen og vedtekter for avtalefesta pensjon i KS sitt tariffområde.
  • AFP skal vera eit tilbod om frivillig avgang med pensjon.
  • AFP gjeld for arbeidstakarar som har fylt 62 år og fyller særskilte vilkår.
.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen