Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  27.01.2012
 
Oppdatert: 17.03.2015

IKT-servicefag

Kompetanseplattform for faget

Dagleg arbeid

IKT-servicefaget omfattar drift og brukarstøtte, opplæring og rådgjeving/rettleiing i samband med verksemda sine IKT-løysingarr og IKT-infrastruktur. Ein IKT-servicefaglært skal bidra til å vidareutvikla og effektivisera verksemnda ved hjelp av IKT.

Ein IKT-servicefaglært vil få utstrakt kontakt med andre menneske på alle nivå i og utanfor verksemda. For å løysa problem som brukarane har, vil det vera viktig med gode evne til å kommunisera, og kunna formidla verksemnda sitt behov til leverandør. Det vert difor lagt vekt på systematisk og nøyaktig arbeid, både sjølvstending og i samarbeid med andre.

Den IKT-servicefaglærte har kunnskapar og ferdigheiter innan følgjande område:

  • verksemda sin IKT-infrastruktur og IKT-prosessar
  • måling og dokumentasjon av tenestekvalitet
  • økonomisk vurdering av innkjøp, drift og vedlikehald av IKT-system
  • installasjon, drift og vedlikehald av nettverk
  • installasjon, bruk og vedlikehald av programvare
  • service og brukarstøtte
  • tilrettelegging av digitalt arbeidsmiljø
  • tiltretteleggja IKT til bruk i læring på arbeidsplassen/i verksemda
  • forskrifter, lover, standardar og avtalar
  • informasjonstryggleik
  • etikk og personvern
  • kommunikasjon direkte mellom menneske og ved bruk av teknologi
  • synleggjera foretningsmessige moglegheiter med bruk av IKT
  • rådgjeving, rettleiing og opplæring i bruk av IKT-system
  • evne til å tenkja nytt og vera kreativ
  • teknisk engelsk

Krav til kunnskap og dugleik

Samfunnet er i dag helt avhengig av informasjons- og kommunikasjonssystem. Dette set store krav til IKT-servicemedarbeideren. Ho/han vil vera sentral i opplæring, drift og vedlikehald av verksemda sine IKT-system. IKT-servicemedarbeideren vil gjennom arbeidet få tilgang til fortrulege opplysningar om verksemda og enkeltpersonar. Derfor er det viktig at ho/han kan handsama fortrulege opplysningar på ein etisk forsvarleg måte.

Informasjons- og kommunikasjonsteknologien er i stadig utvikling. Omstilling og endring vil difor vera sentrale nøkkelomgrep i opplæringa og i den framtidige yrkesutøvinga. Når utviklinga går raskt vil tileigning av ny kunnskap i mindre grad skje på tradisjonell måte. Den må ofte skaffast på eiga hand gjennom ulike informasjonskanalar. Deltaking i kunnskapsnettverk blir difor viktig. IKT-servicemedarbeideren må difor kunna vera aktiv i forhold til å tileigna seg kunnskap og bruka kunnskapen i nye samenhengar.

Faget si utvikling og plass i samfunnet

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi får stadig meir å seia for privat og offentlig verksemd. Mange kritiske funksjonar i samfunnet er heilt avhengige av at informasjons- og kommunikasjonssystema fungerer som dei skal. I et aukande tal verksemder representerer systema sjølve livsnerva. Det vil difor, innafor alle typar verksemder, vera heilt avgjerande å ha kvalifisert personale for å ta seg av drift og vedlikehald.

Likskapar og ulikskapar med andre fag

IKT-servicefaget har felleselement med fleire fag. Innan sentrale arbeidsområde som kundehandsaming, service og økonomi er det likhetstrekk med dei fleste av faga innan utdanningsprogrammet for Service og samferdsel. Det som skiljer dette faget fra dei andre er dybde- og breiddekunnskap innan IKT-løysingar og IKT-infrastruktur.

Læreplan i IKT- servicefag (opplæring i bedrift)

Fagansvarleg

Portrett av Gisle Østrem

Fagansvarleg IKT- servicefag


Gisle Østrem

gisle.oestrem@stord.kommune.no

Telefon

53 49 67 93 / 97 55 20 05

Stilling: Einingsleiar IKT i Stord kommune.

 

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen