Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  27.01.2012
 
Oppdatert: 30.03.2017

Helsearbeidarfaget

Aktuelle arbeidsstader

Helsefagarbeidaren arbeider i spesialisthelsetenesta, i psykisk helsevern på alle nivå og i institusjonar og varierte omsorgs- og behandlingstilbod i kommunal og privat sektor.

Sentrale arbeidsoppgåver

Helsefagarbeidaren utfører praktisk pleie, omsorg og miljøarbeid for pasientar og brukarar av helse- og sosialtenesta. Sentrale arbeidsområde er:

  • utøving av fagleg forsvarleg og omsorgsfull helsehjelp med brukaren i sentrum
  • arbeid med helsefremjande, førebyggjande og rehabiliterande pleie- og omsorgstiltak
  • planlegging, utføring og deltaking i det totale behandlingsopplegget for pasienten/brukaren
  • arbeid i samsvar med gjeldande hygieniske, ernæringsmessige og ergonomiske prinsipp
  • handtering av medikament etter gjeldande lovverk
  • journalføring, dokumentasjon og rapportering

Personlege eigenskapar

Det er viktig med personleg kompetanse i forhold til yrkesutøvinga. Du må kunna bry deg om, visa omsorg og respekt for og ta omsyn til andre menneske. Du bør kunna arbeida både sjølvstendig og saman med andre.

Utdjuping av mål og opplegg

Helsefagarbeidaren utfører omsorg, grunnleggjande sjukepleie og miljøarbeid for pasientar og brukarar av helse- og sosialtenesta. Helsearbeidarfaget skal medverka til å dekkja trongen for kompetente helsefagarbeidarar som kan møta pasientar, brukarar og pårørande på ein profesjonell måte, og bidra til at samfunnets trong for helse- og omsorgstenester vert ivareteke både i helse- og sosialtenesta i kommunane og i spesialisthelsetenesta. Faget skal bidra til å utdanna personar som kan samarbeida med andre yrkesgrupper, fremja trivsel, fysisk og psykisk helse og bidra til brukarmedverking og til at pasientrettane vert respekterte og handheva.

Opplæringa i lærefaget skal utvikla evna til å møta menneske med ulik kulturell bakgrunn i ulike livssituasjonar og med ulik evne og høve til kommunikasjon. Vidare skal opplæringa bidra til å utvikla profesjonelle yrkesutøvarar som har evne til innleving og samspel med menneske med ulike hjelpebehov.

Helsefagarbeidaren skal gjennom opplæringa verta i stand til å observera og nytta kunnskap om ulike sjukdomar, skade og lidingar, og til å setja i verk førebyggjande eller behandlande tiltak innan eige ansvars- og kompetanseområde. Gjennom helsefremjande arbeid skal helsefagarbeidaren vera med på å førebyggja isolasjon og leggja til rette for et meir aktivt liv. Opplæringa skal utvikla fagarbeidarar som kan delta aktivt i helse-, miljø- og tryggleiksarbeid og bidra til et godt arbeidsmiljø.

Utdanninga utgjer ein heilskap. Det skal i læretida leggjast til rette for varierte arbeidsoppgåver på ulike tenesteområde som kan bidra til å fremja kreativitet og nettopp den heilskaplege kompetansen som kan nyttast både i helse- og sosialtenesta i kommunane og i spesialisthelsetenesta. Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev med tittelen helsefagarbeidar.

Helsearbeidarfaget består av tre hovudområde i kommunane. Desse områda utfyller kvarandre og skal også sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

  • Sosialinstitusjon (25% av læretida)
  • Helseinstitusjon (25% av læretida)
  • Open omsorg/ heimebaserte tenester (50% av læretida)

Les meir om helsearbeidarfaget

Læreplan i helsearbeidarfaget (opplæring i bedrift)

Fagansvarleg

Portrett av Trygve Dahl

Fagansvarleg helsearbeidarfaget


Trygve Dahl

trygve.dahl@stord.kommune.no

Telefon

53 49 69 10

Stilling: Rådgjevar helse og omsorg ved utviklingsgruppa i Stord kommune.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen