Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  27.01.2012
 
Oppdatert: 30.03.2017

Feiarfaget

Stord kommune tek imot lærlingar i feiarfaget. Dette er eit særløp (3 år), og lærestad er brann- og feiarvesenet.

Hovudområde for faget

Førebyggjande brannvern

Hovudområdet dreier seg om brannførebyggjande tilsyn, fyringsteknikk, skorsteinsteknikk og skadebegrensning. Det handlar om å vurdera branntekniske løysingar og ulike brannsikringstiltak i bygningar. Rettleiing i montering og bruk av fyringsanlegg inngår. Bruk av og rettleiing om sløkkemidlar og sløkkemetodar er ein del av hovudområdet. Hovudområdet handlar om å laga og bruka eigna verktøy til feiing av skorsteinar og ildstader. Analyse og kontroll av fyringsanlegg, informasjon, rettleiing og rapportering inngår. Helse, miljø, tryggleik og kvalitetssikring står sentralt i hovudområdet.

Bransjelære

Hovudområdet dreier seg om dei branntekniske eigenskapane til bygningsmateriale og bygningskonstruksjonar. Hovudområdet omfattar gjeldande regelverk, etiske retningslinjer, kundehandsaming og tverrfagleg samarbeid. Det omhandlar faget sin historie og plass i samfunnet og forholdet mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. I hovudområdet inngår utslepp av forbrenningsgassar og varslings- og sprinkleranlegg.

Føremål

I Norden har feierfaget røter tilbake til 1600-talet, då den dansk-norske kongen Kristian IV henta faglærde feiarar frå Tyskland for å feia skorsteinane på slotta sine. Sida den gong har faget utvikla seg mykje og tilpassa seg tida sine krav. Brannførebyggjande tiltak, tilsyn og informasjon har i dag ei meir sentral rolle enn tidlegare, då feiing av skorsteinar var hovudarbeidsområde.

Dei samfunnsmessige konsekvensane av brann er alvorlege med omsyn til både personskadar og økonomisk tap. Gjennom informasjon om rett montering og bruk av fyringsanlegg og andre brannførebyggjande tiltak skal feiarfaget bidra til å førebyggja brann og annan skade. Feiarfaget kan på den måten medvirka til å sikra store samfunnsverdiar. Vidare skal faget bidra til å redusera utslepp fra fyringsanlegg, og dermed bekjempa luftforureining og hindra skadar på miljøet.

Opplæringa skal utvikla lærlingen sine evne til å meistra utfordrande arbeidsoppgåver knytt til brannførebyggjande tiltak som tekniske løysingar, rømningsvegar, varslings- og sløkkingsanlegg og lagring av brannfarlege produkt. Opplæringa skal leggja vekt på evna til å kommunisera med kundar og kollegaer og bidra til å fremja tverrfagleg samarbeid. Omsyn til helse, miljø og tryggleik skal spela ei sentral rolle i arbeidet med faget.

Vidare skal opplæringa stimulera til kreativitet, nyskaping og faglig oppdatering, både innan ny teknologi og produktutvikling. Opplæringa skal og utvikla lærlingen si evne til å arbeida nøyaktig og sjølvstendig etter teikningar. Det skal leggjast slik til rette at lærlingen vert dyktig i å følgja gjeldande regelverk og prosedyrar, og utviklar evna til å planleggja, vurdera og dokumentera eige arbeid.

Etter fullført og bestått opplæring får ein svennebrev. Yrkestittel er feiar.

Grunnleggjande dugleik

Grunnleggjande ferdigheiter er integrert i kompetansemåla der dei bidrar til utvikling av, og er ein del av fagkompetansen. I feiarfaget er grunnleggjande ferdigheter følgjande:

  • Å kunna uttrykkja seg munnleg og skriftleg i feierfaget inneber å kunna kommunisera med kundar og ulike samarbeidspartnarar, og å kunna diskutera og vurdera faglege løysingar og arbeidsprosessar. Det inneber å kunna rapportera og dokumentera eige arbeid.
  • Å kunna lesa i feierfaget inneber å kunna finna fram i relevant informasjon i faglitteratur og aktuelle lover og forskrifter. Det inneber å kunna forstå og bruka spesifikasjonar, teikningar, produktbeskrivelsar og arbeidsbeskrivelsar.
  • Å kunne rekna i feiarfaget inneber å kunna berekna volum, mengd, storleikar, kostnader og ressursbruk. Det inneber å kunna ta mål, bruka målestokk etter målsette teikningar og gjera berekningar knytt til fyringsteknikk og ulike branntekniske løysingar.
  • Å kunna nytta digitale verktøy i feiarfaget inneber å kunna bruka dei i samband med planlegging, produksjon, dokumentasjon, kvalitetssikring og kommunikasjon. Det inneber òg bruk av digitale reiskapar til måling, bekning og teikning.

Ekstern informasjon

Fagansvarlege ved feiarfaget

Portrett av Børge Presthaug

Børge Presthaug

borge.presthaug@stord.kommune.no

Telefon

97552050

Stilling: Einingsleiar/ Brannsjef i Stord kommune

Portrett av Jan Tore Brückner

Jan Tore Brückner

jan.tore.bruckner@stord.kommune.no

Telefon

97552057

Stilling: Arbeidsleiar / Feiarmeister

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen