Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Nina Sørli
Publisert:  19.12.2012
 
Oppdatert: 04.04.2017

Ofte stilte spørsmål om eigedomsskatt

  1. Kva har takstmannen lagt til grunn for takseringa?
    Svar: Indre og ytre forhold til eiendommen, opparbeiding, huset/hytta sin tilstand, kvar eigedommen ligg, kjende omsetjingar i området for tilsvarande objekt. Nærleik til skule, butikkar med meir. Det blir berre gjort ei utvendig synfaring.
  2. Kva tid vert takstane offentleggjort?
    Svar: Hovudregelen er 1. mars, men om det er førstegongs innføring av botnfrådrag kan kommunen venta til 1. april. Ved førstegongsinnføring av eigedomsskatt er fristen 1. juli. Lister vert lagt ut hjå Fellestenester i rådhuset og på kommunen si heimeside.
  3. Kan eg få grunnlaget for vurderinga/taksten i papirformat? 
    Svar: Grunnlaget for vurderinga er dei opplysningane som ligg i Matrikkelen, areal osb. Det er mogleg å få tilsendt eit faktaskjema, men me kan også enkelt gi desse opplysningene over telefon. Det er viktig å leggja vekt på at små endringar av desse areala ikkje speler noko avgjerande rolle for taksten. Taksten er heller ikkje gjort på same måte som ved ein verditakst, så dokumentasjonen kan synast ufullstendig.
  4. Faktaarket eg har fått tilsendt inneheld feil, kva gjer eg?
    Svar: Skriv eit brev eller ein e-post til oss som inneheld opplysningar om kva for ein eiendom det gjeld og kva som er feil. Har du i tillegg teikningar/målebrev/skulddelingsforretningar etc. er det fint om du legg med ein kopi. Når rettingane er gjort vil du få tilsendt eit nytt faktaark.
  5. Eg har store skadar som takstmannen ikkje kjenner til, spelar det inn på taksten?
    Svar: Ja, levér ei skriftlig forklaring der du beskriv forholda. Dokumentasjon er ynskjeleg, og skadetakst eller bilde der det føreligg. Dette vil bli lagt ved papira takstmann skal bruka ved synfaring.
  6. Taksten er altfor høg, dette synest eg er urimeleg, er det gjort ein feil?
    Svar: Er taksten realistisk ved sal i ein fri marknad utan hefte på eigedommen? Dersom du meiner taksten er for høg, kan du klaga. Då vil sakkunnig nemnd vurdera taksten på nytt. Dersom klagen vert oppretthalden etter andre behandling, er siste instans sakkunnig ankenemnd, men denne behandlinga treng nødvendigvis ikkje å vera til gunst for klagar. Klagar kan i verste fall enda opp med ein høgare takst.
  7. Korleis måler de arealet på huset mitt? 
    Svar: Alle hus blir målt utvendig for å kontrollera eller berekna grunnflata på innsida av ytterveggene. På nyare hus er desse areala som regel korrekte då det føreligg teikningar i kommunen sine register som på førehand er målt opp og areala har blitt lagt inn.
  8. Naboen har fått ein lågare takst enn meg, men har jo eit større hus?
    Svar: Det har blitt gjort ei verdivurdering ut frå kva marknaden er villig til å betala for huset ditt. Difor kan mange andre faktorar enn areal spela inn på verdien.
  9. Eg har ein lågare verditakst frå 1 ½ år sidan, er det gjort feil?
    Svar: Kanskje. Er dette ein lånetakst tinga av banken vil den i mange tilfelle vera låg for å gi banken større tryggleik. Me må hugsa at takstar er ferskvare, så mykje kan ha skjedd i mellomtida. Kanskje marknaden har utvikla seg. Det er viktig å merka seg at me berre har sett på utsida. Takstmannen ved tidlegare verdivurdering har sett huset frå innsida også. Me vil vurdera takstar som blir sendt til oss som ein del av grunnlaget for vurdring, men me står fritt til å setja taksten til det me sjølv meiner er riktig.
  10. Tek de omsyn til at eg ikkje har straum eller vatn på hytta?
    Svar: Så godt me kan, men det er ikkje alltid like lett å sjå, då desse kan vera ført under bakken. Føler du at taksten er for høg, kan du klaga på grunnlag av at takstmann ikkje kunne kjenna til forholda. Taksten vil då bli vurdert på nytt av sakkunnig nemnd.
  11. Eg har ein uinnreia kjellar og andre etasje, så eg meiner taksten er for høg.
    Svar: Desse forholda veit ikkje takstmannen om. Send ei skriftleg forklaring, så vil dette bli vurdert på nytt. 
  12. Hytta mi er ikkje mogleg å selja fordi ho ligg på ei tomt saman med fleire hytter. Me har avtalar som bind oss så me ikkje får selt.
    Svar: Eigedomsskattelova tek ikkje stilling til privatrettslege avtalar. Eigedomsskatten på slike eigedommar må delast internt mellom dei ulike eigarane.
  13. Eg har ei festa tomt. Kvifor skal ikkje grunneigar betala eigedomsskatten?
    Svar: Som festar påtek du deg alle rettar og alt ansvar som grunneigar til vanleg sit med, dertil også eigedomsskatten.
  14. Eg har fått krav om å betala eigedomsskatt på ei hytte eg ikkje eig, men grunnen er min
    Svar: Dette er grunna ein privatrettsleg avtale mellom deg og hytteeigaren. Den einaste måten å få denne avgifta over på hytteeigar på papiret er ved å tinglysa heimelsovergang på eigedommen. Du kan også skilja ut ei festa tomt eller punktfeste. Først når dette føreligg vil eigedomsskatten bli flytta til riktig eigar.
  15. Eg har klaga på taksten. Må eg framleis betala eigedomsskatten?
    Svar: Ja, skatten må betalast. Dersom utfallet av klagesaka går i klagar sin favør vil overbetalt skatt bli tilbakebetalt med renter.
  16. Kan eg samanlikna likningsverdi og eigedomsskatt?
    Svar: Nei, dette er to ulike talverdiar som ikkje må sammenlignast.
.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen