Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  17.04.2009
 
Oppdatert: 01.11.2017

IKT

IKT-eininga er ei intern støtteeining for organisasjonen Stord kommune og har ansvar for rådgjeving, innføring og drift av IT og telefoni.

Eininga har 8 fast tilsette og 3 lærlingar.

Eininga er organisert i eit team.

Fagområda i kommunen nyttar ulike fagprogram. Fleire av desse inneheld personsensitive opplysningar og set særskilde krav til informasjonstryggleik og infrastruktur.

Stord kommune har eit komplekst nettverk og høge krav til effektivitet og tryggleik. Ei sentral oppgåve for IKT-avdelinga er å standardisere infrastruktur og programvare. IKT driftar eigne serverrom, nettverk og klientar i tillegg til telefoni-løysinga for kommunen.

Det er eit strategisk val at me i størst mogeleg grad skal nytta felles IKT-system og fagsystem som vert drifta sentralt.

Stord kommune har i dag eit moderne driftsmiljø og infrastruktur basert på Windows-plattforma. Som kontorstøttesystem nyttar Stord kommune Microsoft Office 2016, Outlook 2016.

Brukarstøtte

IKT-eininga har eige kundeoppfølgingssystem for brukarstøtte. Dette er berre tilgjengeleg internt for brukarane i Stord kommune.

Brukarstøttetelefonen er bemanna frå 08.00-15.30 kvardagar. Tlf. 53 49 66 65.

Informasjonstryggleik

IKT-eininga har ansvar for den gjennomførande delen av informasjonstryggleiken, og IT-sjefen er medlem i kommunen sitt tryggleiksforum.

Kontaktinformasjon

IT-sjef
Gisle Østrem

Telefon
53 49 67 93

Epostadresse
ikt@stord.kommune.no

Brukarstøtte IKT (intern)
53 49 66 65

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen