Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Terje Eriksen
Publisert:  30.06.2009
 
Oppdatert: 05.12.2017

Samordning av lokale kriminalitetsførebyggjande tiltak SLT

 

Stord kommune jobbar med å førebyggja rusmiddelbruk og kriminalitet blant barn og unge. Kommunen har eit kriminalitetsførebyggjande samarbeid med Stord lensmannskontor gjennom SLT-koordinatoren. SLT står for samordning av lokale rus og kriminalitetsførebyggjande tiltak. Målet er at barn og unge i kommunen skal få riktig hjelp til riktig tid av eit hjelpeapparat som samarbeider godt på tvers av einingar og faggrupper.

Modellen skal sørgje for å koordinere kunnskap og ressursar mellom politi og relevante kommunale einingar, men også foreldre, næringsliv og frivillige lag og organisasjonar.

SLT-arbeidet i Stord kommune er organisert på tre nivå; politiråd, koordineringsgruppe og utøvarnivå.

  • Politirådet består av ordførar (leiar), rådmann, kommunalsjefar, lensmann, nestkomanderande lensmann og SLT-koordinator (sekretariat). Politirådet møtes fire gongar i året og fungerer som styrkingsgruppa for SLT-arbeidet. Politirådet har ansvar for mål og prioriteringar for rusmiddel- og kriminalitetsførebygginga i kommunen og innlemme dei i planverka.
  • Koordineringsgruppa er samansett av einingsleiarar eller andre relevante fagpersonar. Gruppa avdekker problem og utfordringar og setter inn ressursar for målretta innsats i tråd med rammene frå politirådet.
  • Utøvarnivået er alle tilsette, frivillige og andre som er i direkte kontakt med barn og unge. Gruppa har ansvar for å gjennomføre tiltak som koordineringsgruppa og politirådet har bestemt.

SLT-koordinatoren skal sørgje for kontinuerlig informasjonsflyt mellom nivåa ovanfor. Utover å koordinere samordning har koordinatoren tre andre sentrale oppgåver som er å identifisere problemområder, initiere tiltak og produsere kunnskap. 

 

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen