Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
strand
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  24.08.2017 08:31
 
Oppdatert: 24.08.2017 08:43

Vil du rydda ei strand?

SIM har fått ei ekstraløyving frå Miljødirektoratet og treng difor di hjelp slik at dei kan få nytta midlane på ein best mogeleg måte.

Lag og organisasjonar som vil vera med å bidra til ein reinare kyst vert oppmoda til å ta kontakt med Sunnhordland interkommunale miljøverk (SIM), eller melda seg på strandrydding på deira nettsider, www.sim.as.

Ekstraløyvinga er på 1,8 millionar kroner og beløpet må nyttast i løpet av 2017. Midlane skal gå til rydding av strender, og då særskilt strender som er litt utilgjengelege. SIM-kommunane har lang kystline og det er difor mange stader det er stort behov for rydding.

SIM vil som utgangspunkt dekke alle kostnader med transport og handtering av avfallet. Dei vil også sørgja for hensiktsmessig utstyr til innsamling. Det kan òg vera aktuelt å diskutera andre løysingar.

Ta kontakt med SIM dersom laget ditt ynskjer å vera med, eller dersom du har eit forslag du ynskjer å diskutera.

Kontaktpersonar

Janne Hillersøy 95 25 64 69 / janne.hillersoy@sim.as eller Arild Vik 97 55 55 30 /arild.vik@sim.as

For meir informasjon:

www.miljødirektoratet.no eller www.sim.as

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen