Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  19.04.2017 14:00
 
Oppdatert: 20.04.2017 14:59

Positivt tilsyn i kommunen

Stord kommune fekk ingen avvik når Fylkesmannen hadde tilsyn på tenester til personar med utviklingshemming.

Den 7. og 8. mars hadde Fylkesmannen i Hordaland tilsyn i Stord kommune. Tilsynet gjaldt om personar med utviklingshemming over 18 år som bur i eigen bustad, får forsvarlege helse- og omsorgstenester. 

Fylkesmannen i Hordaland avdekte ingen brot på krav i lov og forskrift då dei hadde tilsyn med Stord kommune. Dei hadde ikkje grunnlag for å konkludera med at tenestene som blir gitt, er uforsvarlege.

Det er første gong Stord kommune har hatt så omfattande tilsyn på desse tenestene. I 2016 var det landsomfattande tilsyn i utvalde kommunar, og Stord var ikkje ein av desse. Einingsleiar i Eining for habilitering, Nina Steinsbø Walquist er svært nøgd med resultatet.

- Eg er veldig nøgd med at me ikkje har fått avvik i samband med tilsynet, men eg tenkjer at me alltid har forbetringspotensiale på å utvikla tenestene våre, seier Walquist.

Tilsynet omfatta:

1. Gjennomføring av personleg assistanse, avgrensa til:

  • tilsyn og hjelp til å vareta eigenomsorg
  • hjelp til aktivisering
  • opplæring i daglege gjeremål, personleg stell og eigenomsorg

2. Helsetenester i heimen og tilgjenge til medisinsk undersøking og behandling, avgrensa til:

  • legemiddelhandtering, istandgjering og utdeling
  • oppfølging etter legebesøk og oppfølging for å vurdere nødvendig helsehjelp hos lege
  • helsehjelp ved akutte tilstandar
  • kommunens medverknad til at brukar kjem i kontakt med og blir følgd til fastlege eller lege i spesialisthelsetenesta
  • hjelp ved legebesøk til å formidle opplysningar som legen treng for å gi helsehjelp
  • formidling av informasjon frå legebesøk tilbake til dei som gir helsetenester i heimen til brukaren.

Knytt til kvart tema undersøkte dei i tillegg korleis kommunen har lagt til rette for og tek i vare brukaren sin rett til informasjon og medverknad. Dei undersøkte òg om kommunen etterspør politiattest ved tilbod om tilsetjing.

Les heile rapporten her.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen