Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Laukund
Publisert:  15.11.2017 15:25
 
Oppdatert: 15.11.2017 15:41

Tildeling av prisar og stipend

I møte onsdag 15. november vedtok Komité for næring, miljø og kultur tildeling av målpris, kulturpris, eldsjelpris og kulturstipend for 2017. Det vert prisutdeling i nyttårskonserten i kulturhuset på nyåret.

Komité for næring, miljø og kultur vedtok følgjande tildelingar av prisar 2017:

Eldsjelprisen

  • Gerda Malene Øen
  • 

Grunngjeving

Gerda Malene Øen er ei sann eldsjel. Ho har vist sitt store organisatoriske talent som leiar i Stord Fitjar Turlag, sitt aktive virke i Songlaget Stordabuen i mange år og i si omsut for miljøet rundt oss gjennom sitt aktive arbeid i Venelaget for Vidsteenparken. Gerda har alltid ei hjelpande hand, er oppofrande, har omsut og nestekjærleik.

Men det er som leiar i Stord Fitjar Turlag at Gerda verkeleg er eldsjel. Ho sa ja til å ta på seg eit slikt verv for tre år sidan, i ei tid der folk i alle aldrar, ikkje minst dei eldre, søkjer ut i naturen og vil oppleva den.

Seint og tidleg på farten for turlaget, organiserer og følgjer opp, er pådrivar for å få til prosjekt som Sherpatrappa, Stord Topp 8 kvart år, søknad om og bygging av gapahukar, opplegg for organiserte turar for skuleklassar, opparbeiding og merking av stiar og nytt turkart. Ikkje minst er ho ein flott ambassadør for turar og friluftsliv der ho er rundt om hos organisasjonar og lag og marknadsfører turlaget sine aktiviteter.

Frivillig aktivitet krev ressursar men også pengar. Gerda har vore drivkrafta for å skaffa fleire millionar til finansiering av turlaget sine aktivitetar.»

Målprisen

  • Brilleriet
  • 

Grunngjeving

Verksemda som får Stord kommune sin målpris i år er Brilleriet. Dette er ei optikarforretning med to utsal/verkstader på Stord. Verksemda er eigd av Arnhild Myklebust. Tidlegare var verksemda ein del av optikarkjeda Synsam, men frå siste årsskiftet er forretninga ubunden av kjeder og står heilt på eigne føter.

Verksemda har heile tida vore konsekvent i bruk av nynorsk. Endåtil annonsar utarbeidde av Synsam- kjeda på bokmål vart omsette til nynorsk! Og då verksemda vart sjølvstendig frå årsskiftet vart nynorskprofilen ytterlegare styrkt, både gjennom annonsering og gjennom den nye heimesida. Karakteristisk for heimesida er elles at ho gjev plass til presentasjon av sentrale personar innan det lokale kulturlivet.

Kulturprisen

  • Oddbjørn Kvålsvold
  • 

Grunngjeving

For sitt omfattande lokalhistoriske arbeid i fleire år og formidlinga av kunnskap om historia til stordsamfunnet i vår nære fortid. Innsamlinga av dette munnlege kjeldematerialet, som elles ville ha gått tapt, er ein verdfull kulturhistorisk innsats. Mange stordabuar har med stor interesse lese dei lokalhistoriske artiklane hans i bladet "Sunnhordland".

Kulturstipend

  • Tiril Eirunn Einarsdotter
  • Jan Anders Presthus
  • 
.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen