Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Illustrasjon
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  10.01.2018 11:40
Foto: Illustrasjon: arkitektene VIS-A-VIS
Oppdatert: 10.01.2018 13:15

Slik vil Nysæter ungdomsskule sjå ut

Arkitektene VIS-A-VIS AS frå Trondheim er utpeika som vinnar av arkitektkonkurransen om ny Nysæter ungdomsskule i Sagvåg.

I dag vart det kunngjort kven som vart vinnar av konkurransen om ny Nysæter ungdomsskule. Det var Trondheimsfirma VIS-A-VIS som trakk det lengste strået og vann konkurransen med sitt forslag som heiter "Du glitrende" . 

Einstemmig

Ein einstemmig jury meinar at «Du glitrende» er det prosjektet som best ivaretar framtidsretta pedagogiske og bygningsmessige løysingar. Prosjektet utnyttar tomta sine kvalitetar og bringar desse inn i hjarta av skulen og undervisningsareala på ein tiltalande måte. Prosjektet viser løysingar som innbyr til sambruk, gir oversikt og openenheit. Konseptet er robust og vil tåla omarbeiding utan at viktige kvaliteter ved prosjektet går tapt. 

Arkitektene VIS-A-VIS saman med juryleiar Leif D. Houck

5 deltakarar

Stord kommune har gjennomført eit parallelloppdrag for å få inn forslag til utforming av ny Nysæter ungdomsskule.Følgjande deltakarar var prekvalifiserte og leverte konkurranseforslag:

  1. Arkitektene VIS-A-VIS AS, Trondheim
  2. L2 Arkitekter AS, Oslo
  3. Arkipartner AS, Stavanger
  4. ABO plan- og arkitektur AS/JK-arkitektur, Os/Stord
  5. Og Arkitekter AS, Bergen

Det var krav til anonymitet i konkurransen og kommunen mottok følgjande prosjekt med tilhøyrande motto (nummerering under er uavhengig av nummerering over):

  1. Hjerteslag
  2. Unge lovende
  3. Allmenningen
  4. Du glitrende
  5. Fem om dagen

Det vart holdt 4 jurymøte, i tillegg vart konkurranseforslaga gjennomgått for dei tilsette ved Nysæter ungdomsskule, og det var høve for dei tilsettee å koma med innspel.

Perspektivskisse frå hjerterommet, med kulturamfi, scene og bibliotek

Bilete i artikkel: øvst: Arkitektene VIS-A-VIS saman med juryleiar Leif D. Houck. Nedst: perspektivskisse frå hjerterommet, med kulturamfi, scene og bibliotek.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen