Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  27.09.2017 12:24
 
Oppdatert: 02.10.2017 12:31

Senior middagsgruppe

Røde kors besøksteneste har i samarbeid med kommunen starta eit middagstilbod på kafe på Leirvik i mai 2017. Det viste seg å vera stor interesse for å møtast over eit måltid. No vert eit liknande tilbod starta på Gruo pub i Sagvåg.

Det kan bli eit permanent tilbod dersom interessa er til stades.

Velkomen på Gruo desse dagane:

  • 17. og 31. august
  • 14. og 28. september
  • Onsdag 4. oktober
  • 12. og 26. oktober

Velkomen til Keiser restaurant desse dagane:

  • 28. september
  • 12. og 26. oktober
  • 9. og 23. november
  • 7. og 21. desember

Keiser restaurant har feriestengt 18. september til 19. oktober. Desse dagane vert middagen på GRUO PUB i Sagvåg. Felles skyss frå Bytunet ein halvtime før. Snakk med Jan Dagfinn Vik i Røde kors dersom du treng å avtale skyss.

Kvar enkelt betaler for seg til restauranten.

Kven er dette for

Middagstilbodet er ope for alle seniorar. Du må kunne kome deg til og frå åleine eller avtale følgje eller skyss med nokon, og du må greie å ordne med betaling i restauranten. Velkomen til eit godt måltid i godt selskap!

Skyss

Treng du skyss? Kontakt Røde Kors. Du vert enig med sjåføren om betaling.

Røde Kors:

Anne Kvalheim tlf. 951 08 884

Jan Dagfinn Vik tlf. 952 68 234

Drosjekort?

Har du drosjekort, er det fint om du bruker dette.

Følge?

Treng du hjelp til noko, er det fint om du kjem i følgje med ein hjelpar; til dømes familie eller støttekontakt.

Kommunale kontaktpersonar i ergoterapitenesta:

Solfrid Dahle tlf. 469 51 877

Anna Lise Sortland tlf. 954 35 154

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen