Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  17.03.2017 13:00
 
Oppdatert: 17.03.2017 13:09

Rektor vert fylkesleiar

Torsdag 16.3.17 hadde Norsk kulturskoleråd Hordaland årsmøte og ei av sakene var val av fylkesleiar. Kulturskulerektoren vår, Anne Lene Østvold Jordåen, vart valt som leiar.

Ny leiar i Norsk kulturskoleråd Anne-Lene Østvold Jordåen Anne Lene Østvold Jordåen har vert styremedlem i rådet i perioden 2010-2012 og nestleiar dei to siste åra, før ho no er valt til leiar. Leiarvervet gjeld i to år.

- Det skal bli spanande og kjekt, så får eg gjere så godt eg kan, seier Anne Lene Østvold Jordåen.

- Me er veldig stolte og vil ønskje ho lukke til med eit svært viktig verv, seier kommunalsjef Mariann J. Hilt.

Norsk kulturskoleråd er utviklings- og interesseorganisasjon for kulturskulane i Noreg.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen