Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  04.04.2017 10:30
 
Oppdatert: 04.04.2017 10:28

Drar nytte av velferdsteknologi

Sidan 2014 har omlag 165 innbyggjarar i Stord kommune prøvd ut ulike velferdsteknologiar i helse- og omsorgstenestene.

I frå 15 brukarar i 2014 var det i desember 2016 heile 165 brukarar som har prøvd ut ulike teknologiar/hjelpemiddel. Målet med utprøvinga er å avklara om dei ulike hjelpemidla kan vera til hjelp slik at brukarar kan bu heime lenger.

Dei ulike teknologiane er: fallalarm, dørsensor, GPS/sporing, tryggleiksklokker, medisindispenser, røykvarslag, sengealarm, CareAssist, støvsugarrobot og digtalt tilsyn. Nokre av desse er teke inn i drift i den kommunale helse- og omsorgstenesta i frå januar 2017.

I prosjektperioden har ergoterapeut, sjukepleiar, servicemann og tilsett frå brannvesenet jobba i lag for å avklara behovet til den enkelte brukar.

Stord kommune har i heile prosjektperioden arbeidd med å finna gevinstane velferdsteknologi vil gje brukarane, tenesta og pårørande. Brukarane, pårørande og dei tilsette har gitt tilbakemeldingar på mange kvalitative gevinstar. Gevinstar som auka tryggleik, mestring, sjølvstende, fridom og trivsel er nokre av dei.

Stord kommune vil i framtida oppleva å få ei sterk auke i tal eldre. Kombinert med ein pressa kommuneøkonomi må kommunen produsera meir effektive tenester.

Velferdsteknologiprogrammet er ein del av Omsorgsplan 2020. Planen er ei større satsing for å skapa betre kvalitet i tenestetilbodet. Stord kommune har fått tilskot frå Helsedirektoratet og Fylkesmannen i Hordlaland til prosjektet.

Les rapporten her 

Bilete av prosjketgruppa: einingsleiar Britt Sørensen Dalsgård, sjukepleiar Britt Nelly Hystad Barane, ergoterapeut Solfrid Dahle, servicemann Ton De Vreede, sjukepleiar Liljan Dahl og prosjektleiar Hilde Susann Hystad Aadland.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen