Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  25.04.2017 15:30
 
Oppdatert: 26.04.2017 08:29

Får tilskot til utvikling

I Fylkesmannen sin tildeling av skjønsmidlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt fekk Stord kommune tilskot til fire utviklingsprosjekt.

- Eg er nøgd med at Fylkesmannen gav Stord utteljing på fire av seks utviklingsprosjekt. Me vil invitera med oss dei andre Sunnhordlandskommunane i to prosjekt, eit som går på digitalisering av plandata og eit på utvikling av saks- og arkivsystem. I prosjektet «Ein inkluderande barnehage og skule» har Stord teke initiativ til å samarbeida med dei vidaregåande skulane i Fitjar og Stord om fråfallsproblematikk, seier rådmann Magnus Mjør.

Prosjekta kommunen fekk tilskot til er:

  • Ein inkluderande barnehage og skule
  • Planlegging av husvære for eigen alderdom
  • Publisering av DOK- og plandata og digitalisering av kommuneplanprosessar
  • Fornying av bruk av sak- og arkivsystem som følgje av digital utvikling og administrative endringar

Det blir gitt tilskot til 37 av søknadene etter at Fylkesmannen har motteke til saman 56 søknader frå kommunane. Samla søknadssum er om lag kr. 54,9 mill.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen