Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  10.11.2017 07:30
 
Oppdatert: 10.11.2017 08:00

PPT leiar frontar utviklingsarbeid

I tidsskrifta Spesialpedagogikk 05/17 kan me lesa Jannecke Fjeldtvedt sin artikkel om utviklingsarbeid i pedagogisk-psykologisk teneste.

Portrettbilete av Jannecke FjeldtvedtI artikkelen skriv Fjeldtvedt om utviklingsarbeid som skal gjera tenesta i stand til å fylla mandat og forventningar i stateleg føringar, og stå fram som ein relevant og sentral aktør i arbeidet med å gje alle barn og unge fagleg og sosial kompetanse i utviklande og trygge læringsmiljø.

Jannecke Fjeldtvedt har jobba i PP-tenesta i 20 år og har master i spesialpedagogikk frå UiO. Artikkelen er skreve som ei oppgåve i samband med spesialistutdanning for pedagogisk-psykologiske rådgjevarar i regi av Utdanningsforbundet, og omtalar det arbeidet som er gjort i PPT for Stord og Fitjar.

Tidsskrifta er den einaste norske tidsskrifta innafor feltet og har ei sentral rolle i formidling av forskningsresultater og utvikling på det spesialpedagogiske verkefelt.

Bilete: Jannecke Fjeldtvedt.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen