Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  22.06.2017 12:30
 
Oppdatert: 23.06.2017 12:32

Nytt rutetilbod for buss

2. juli startar sommarrutene for Sunnhordland opp med ein del endringar i rutetilbodet og busslinene i områda Rommetveit, Ådland, Eldøyane, Heiane og Sagvåg.

Den 2. juli vert nytt anbod sett i verk i Sunnhordland, og Tide er valt som ny operatør.

Transportbehovet har endra seg, det har blant anna kome nye utbyggings- og vekstområde og endringar i infrastruktur og skulestruktur. Dette påverkar reisemønsteret, og det nye busstilbodet er betre tilpassa dagens etterspurnad og behov.

Fem liner er slått saman til to liner. Formålet med endringane er å styrke tilbodet der flest reisar, og gi gjennomgåande reisemoglegheiter mellom sentrale reisemål. Enkelte område med lågt passasjergrunnlag vil få eit redusert tilbod, mens andre område og linjer vil få eit utvida busstilbud.

Bussanlegg

Nytt anlegg på Stord på Øvre Sæ skal stå klart ved oppstart 2. juli. I dag ligg anlegget ved Vabakkjen. Anlegget på Bømlo blir som i dag i Hollundsdalen.

Terminaler

Terminalen på Leirvik og Fitjar vert oppgradert, men til oppstart av nytt anbud vil kun ny terminal på Stokkabekken på Bømlo vere klar.

Nye ruter frå 2. juli

 

Her kan du lesa meir om skuleskyss og Reiseplanleggar på mobilen med "Skyss Reise"

www.skyss.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen