Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Logo
Av:  Emma Ölander Aadland
Publisert:  14.05.2014 10:48
 
Oppdatert: 04.08.2015 10:12

Saman om ein betre kommune

Stord kommune deltek i nasjonalt utviklingsprogram som tek for seg fleire viktige utfordringar i kommunesektoren.

Utviklingsprogrammet, som går frå 2012 til 2015, gir støtte til lokale prosjekt, og tek for seg nokre av dei viktigaste utfordringane i kommunesektoren: sykefravær, kompetanse, rekruttering, heltid/deltid og omdøme.

Eigne lokale prosjekt

- Totalt 110 kommunar i Noreg er med på programmet, og dei første fekk opptak hausten 2011. Desse kommunane er godt i gang med prosjektarbeidet, og samlast jevnleg i åtte kommunenettverk inndelt på bakgrunn av tema. Hausten 2012 fekk Stord kommune saman med ytterlegare 58 andre kommunar opptak i programmet, opplyser Annlaug Tenold, personal- og organisasjonssjef i Stord kommune.

Kommunane som er med i programmet deltek med eigne lokale prosjekt, og dei får tilgang til fagleg ressursmiljø og verdifull erfaringsutveksling med andre kommunar gjennom deltaking i nettverk. Kommunane får også økonomisk støtte til gjennomføring av prosjektarbeidet. Partane sentralt er opptekne av at erfaringane som kommunane haustar frå prosjektarbeidet som skal kunna kome andre kommunar til nytte.

Trepartsamarbeid

- Programmet har til hensikt å ta i bruk nye arbeidsformer som fremjar innovasjon og nyskaping. Ein føresetnad for å delta i programmet er at prosjektet er forankra i eit lokalt samarbeid. Kommunen sine folkevalde, administrative leiarar og medarbeidarar samt tillitsvalde skal delta konstruktivt i utforminga av prosjektet og rapporteringa frå det, fortel personal- og organisasjonssjefen.

Programmet "Saman om ein betre kommune" er eit samarbeid mellom Kommunal- og regionaldepartementet, KS, LO Kommune, YS Kommune, Unio og Akademikerne.

Les meir om "Saman om ein betre kommune" her (ekstern lenkje).

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen