Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Plattforma Njord
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  17.03.2017 09:42
Foto: Kværner
Oppdatert: 17.03.2017 09:56

Kværner skal oppgradera Njord-plattforma

Statoil har tildelt Kværner ein totalkontrakt for oppgradering av Njord A-plattforma. Avtalen har ein estimert verdi på rundt 5 milliarder kroner og vil utgjere rundt 3 000 årsverk.

- Dette er ein av dei viktigaste kontraktane i markedet dette året. Me er stolte av den tilliten Statoil viser oss ved å gje Kværner oppdraget med å oppgradera Njord A for nye tiår med produksjon», seier Kværner sin konsernsjef Jan Arve Haugan.

Den norske olje- og gassindustrien har allereie etter få år med omstilling byrja å demonstrera ein betydeleg kostnadsreduksjon kombinert med auka produktivitet. Haugan meinar tildelinga er eit resultat av at oljeselskap og leverandørar stadig samarbeidar meir om forbetringar.

- Me ser at arbeidet med å styrka konkurransekrafta for alvor har byrja å gje resultat. Kostnadane er betydeleg redusert, noko som har bidratt til å mogleggjera investeringsavgjersler som denne. Det er gledeleg ikkje berre for lisenspartnerane og Kværner, men for ein heil industri som jobbar hardt for at næringa skal fortsetja å levera verdiskaping, samtidig med eit sterkt fokus på helse, miljø og tryggleik, sier Haugan.

- Partnarane i Njord har nådd ein svært viktig milepæl i arbeidet med oppgradering av Njord A-plattforma for vidare produksjon. Eg er svært glad for at me i dag kan signera kontrakten med Kværner på Stord. Arbeidet vil bety betydelege ringvirkningar nasjonalt og regionalt, seier direktør for prosjektutvikling i Statoil, Torger Rød. Denne kontrakten viser at omstillingen ein samla norsk oljenæring har gjennomført dei siste åra gir ny aktivitet og sysselsetting. Arbeidet som no skal gjerast er viktig for at plattforma kan gjenoppta sikker og effektiv drift frå feltet og vera eit senter for framtidige tilknytingar av nye felt, seier Rød.

Den nye totalkontrakten byrja med at Statoil og Kværner den 1. april 2016 inngjekk ein rammeavtale for oppgradering av plattforma. Rammeavtalen er basert på ein prosjektgjennomføringsplan der Statoil, på vegne av lisenspartnarane, har opsjon på å setja i gong prosjektet sine ulike fasar. Kværner har sidan signering av rammeavtalen blitt tildelt opsjonar på tidlegfase-engineering (FEED), landligge ved verftet og ein såkalla «pre-EPC» fase, til ein samla verdi av rundt NOK 500 millioner. Med dagens tildeling, erklærer Statoil hovedopsjonen i avtalen frå april i fjor.

Kontrakten inneber ein full oppgradering av skrog og plattformdekk, eit prosjekt som skal sette Njord i stand til å kunne produsera olje og gass i fleire tiår framover.

- Me lar oss inspirera av at Statoil er tilfreds med arbeidet me har gjort på Njord så langt. Kontrakten demonstrerer ein tillit til evna vår til å gjennomføra og levera komplekse prosjekt på ein forutsigbar måte, til avtalt kvalitet og på avtalt tid, sier prosjektdirektør Jarle Henriksrud.

Njord Future, som prosjektet heiter, er nybrottsarbeid i den forstand at det er ein produksjonsplattform på norsk sokkel som vert tatt til land for oppgradering etter å ha vert i drift frå 1997.

- Sjølv om me kjenner Njord-plattforma godt frå då me bygde den, er dette eit litt utypisk prosjekt, ved at det er ein oppgraderingsjobb som inneber fjerning av gamalt utstyr og materiell, parallelt med at me skal fabrikkera og installera nytt. Kværner har lang erfaring med å gjennomføra både nybygg- og demoleringsprosjekt. Det er ein kompetanse me reknar med å få utnytta til fulle i dette prosjektet, sier Haugan.

Oppdraget vil utgjere rundt 3 000 årsverk, hovudsakeleg i Kværner og Aker Solutions, som leverer prosjekteringa. Prosjektet gir eit viktig bidrag til å vidareutvikle ei viktig plattform-ekspertise, ikkje minst for Kværner sitt spesialiserte anlegg på Stord og ved Aker Solution sitt kontor i Bergen.

- Kværner har ein kompetanse på gjennomføring av krevjande plattformprosjekt som er ganske unik i verda. Med Njord får me anledning til å videreutvikla denne ekspertisen. Det bidrar til kontinuitet, og gir oss anledning til å ivareta eit kunnskapsmiljø som er av stor betydning for norsk olje- og gassindustri. Blant anna set dette prosjektet, saman med arbeidet me har på Johan Sverdrup, oss i stand til å kunne ta inn lærlingar, sier Haugan.

Prosjektet vil ha størstedelen av aktiviteten hos Kværner på Stord og Aker Solutions i Bergen.

- Me forventar ein svært høg andel norsk verdiskaping i prosjektet, truleg over 95 prosent. Med unntak av noko innkjøp, så ligg dette an til å bli eit så godt som heilnorsk prosjekt, som gir stor aktivitet i Hordaland og andre stadar på Vestlandet som har vert ramma av oljekrisa dei siste åra, seier Haugan.

Njord-plattformen er planlagt levert våren 2020. Kværner har opsjon på oppkoblinga offshore når Njord A er tilbake på feltet.

Njord A ble opphaveleg levert av noverande Kværner i september 1997. Dekket vart fabrikkert og samanstilt på Stord, mens Verdal leverte skroget.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen