Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  03.04.2017 09:30
 
Oppdatert: 03.04.2017 09:53

Kva tid får eg skattepengane?

Skatteetaten melder om at den elektroniske skattemeldinga vert tilgjengeleg 4. april. Vanlege lønstakarar og pensjonistar får skatteoppgjeret sitt frå 21. juni.

Sjølvangivelsen har byta namn til Skattemelding for formues- og inntektsskatt.

Når skatteetaten er ferdig og handsama skattemeldinga di får du skatteoppgjeret. Då får du veta om du har betalt for mykje eller for lite skatt førre året. Dei første utbetalingane av skatteoppgjeret er 21. juni, deretter 2. august. Etter det er det forløpande fram til 25. oktober.

For deg som skal motta skatteoppgjeret på papir startar utsending av skatteoppgjer 20. juni.

Skatteetaten varslar deg på e-post/sms når skatteoppgjeret ditt er klart. På den måten slepp du å leita og lura. Sørg difor for at kontaktinformasjonen din er oppdatert - det gjer du på norge.no.

Her kan du lesa meir om skatteoppgjeret

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen