Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Mann som står på fjell og ser på utsikten
Av:  Stord kommune
Publisert:  10.03.2017 13:30
Foto: Karriere Sunnhordland
Oppdatert: 10.03.2017 13:19

Karriererettleiing for nye moglegheiter

Birgit E. Olsen Bratseth er karriererettleiar ved Karriererettleiingssenteret på Stord i regi av Hordaland Fylkeskommune. Senteret skal tene alle dei 8 sunnhordlandskommunane.

Individuell karriererettleiing ved Karriere Sunnhordland er eit tilbod til deg over 19 år. Målet er å gi deg verktøy som gjer at du kan handtere di eiga karriere.

I dei tilfella der ein skal gjera viktige karriereval, som til dømes velja høgare utdanning, eller skifta jobb av ulike årsakar, opplever mange at ein samtale med ein profesjonell karriererettleiar kan bidra til refleksjon, ny innsikt og større handlingsrom.

Karrieresenteret hjelper gjerne når du

  • må eller vil finna ny jobb
  • skal søkja etter ny jobb
  • tykkjer det er vanskeleg å orientera deg i arbeidsmarknad, eller utdanningssystem
  • er på kva du kan bruka kompetansen din til
  • har mista motivasjon i høve til jobb eller utdanning
  • skal du søkja høgare utdanning, eller vidareutdanna deg
  • treng påfyll av ny kompetanse, men er usikker på kvar og korleis du skal gjera det?

Motto

Du bestiller time her: www.karrieresunnhordland.no

Karriere Sunnhordland har kontor i Leirvik på Stord. På faste dagar kvar månad kan du også få karriererettleiing av oss i Etne og i Kvinnherad.

Besøksadresse:

Stord vidaregåande skule
Saghaugen 3

Karriererettleiinga er gratis og gjeld for deg som bur i kommunane Stord, Fitjar, Austevoll, Tysnes, Kvinnherad, Etne, Sveio og Bømlo.

Facebook: https://www.facebook.com/karrieresunnhordland

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen