Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  01.02.2017 10:22
 
Oppdatert: 01.02.2017 10:30

HEIA FLÅKLYPA!

Riksteatret kjem til Stord Kulturhus 8. februar kl 18.00.

Dra meg baklengs inn i teateret! Endeleg blir det teater av Solan, Ludvig og Reodor Felgens verd! Førsteklasses familieunderhaldning - både for gamle Flåklypa-fans og nye tilhengarar.

Den tradisjonelle melkespannkastekonkurransen nærmar seg, og alle i Flåklypa er sikre på at deira representant Emanuel Desperados går av med sigren. Men det går skumle rykter om at ein sterk konkurrent frå Oslo nærmar seg bygda. Samstundes står det gode gamle meieriet i fare for å bli selt til storkapitalen. Desperados får dessutan tilbod om å kasta for konkurrenten. Her er det nokon som ikke har reint mjøl i posen. Kven står bak? Korleis har dei tenkt å røva til seg sigeren? Og kva i all verda skal Solan og Ludvig gjera for å hindra katastrofen?

Med ei herleg historie og mykje song og musikk, skal Kjell Aukrust sine kjente og kjære skapningar få liv på scenen. Aukrust har fanga den norske folkesjela, vert det sagt, og no skal Riksteatret fanga det norske folk. Endeleg skal det avgjerast kven som er best, Flåklypa eller Oslo!

Etter framsyninga kan du helsa på karakterane i Flåklypa.

1 time og 15 minutter (ingen pause).

Høver for barn frå 5 år.

På scenen

Simon Andersen, Nils Johnson, Daniel Karlsson, Peter Kippersund, Espen Løvås, Robert Skjærstad, Kikki Stormo, Frank Ole Sætrang og Nicolas Khandji.

Basert på Kjell Aukrust sine bøker. Manus: Gorm Jenseg. Regissør: Lars Erik Holter. Scenograf: Dordi Strøm. Kostymedesignar: Ingrid Nylander. Komponist: Marius Podolski. Lysdesignar: Arne Lindberget. Videodesignar: Åsmund Bøe. Dramaturg: Tine Thomass

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen