Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
folk som går tur i skogen
Av:  Brit S. Myklebust
Publisert:  06.04.2017 12:00
 
Oppdatert: 06.04.2017 13:19

Rapport om fysisk aktivitet

Deltaking i friluftsliv og uorganisert trening har fått auka betydning for folkehelsa blant vaksne, medan færre deltar i organisert idrett og brukar idrettsanlegg.

Fleire vaksne tilfredsstiller helsekravet til fysisk aktivitet

I løpet av perioden 1985–2015 har den vaksne befolkninga auka si fysiske aktivitet i fritida. Det inneber ein halv time moderat fysisk aktivitet minst fem gonger i veka eller intens fysisk aktivitet minimum 20 minutter 3 gonger i veka.

I 2015 tilfredsstilte 30,2 av den vaksne befolkninga, 15 år og eldre, dette kriteriet. Det samsvarer med forskning som er gjort med objektiv registrering av aktivitet ved hjelp av bevegelsesmålarar. Medan menn tidlegare var meir aktive enn kvinner er det nå små forskjellar viser desse sjølvrapporterte data. Dei unge under 25 år er mest aktive, medan det er mindre forskjell frå 25 år og oppover.

Det er klare forskjellar knytt til sosial klasse. Både eigen utdanning, foreldra si utdanning, eigen bruttoinntekt og husstanden si samla inntekt slår tydeleg ut når det gjeld grupper som tilfredsstiller eit minimumskrav for fysisk aktivitet. 

Les heile rapporten om fysisk aktivitet her

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen