Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  04.01.2017 13:22
 
Oppdatert: 04.01.2017 14:54

Frå 2017 slepp du søkja om frikort for helsetenester

Frikort for eigenandelstak 2 er automatisert frå 1. januar 2017. Frå denne datoen slepp du søkja om frikort for helsetenester. Det kjem automatisk i posten innan tre veker etter at eigenandelstaket på 1 990 kroner er nådd.

Det finst to frikortordningar i Noreg:

  • eigenandelstak 1
  • eigenandelstak 2

Dei gjeld for ulike tenester. Har du fått frikort i den eine ordninga, kan du ikkje nytta det i den andre ordninga. Ordninga med frikort eigenandelstak 1 er allereie automatisert, og frå nyttår vart også ordninga for frikort eigenandelstak 2 automatisert.

I frikort eigenandelstak 2 inngår eigenandeler for:

  • undersøkjing og behandling hos fysioterapeut med driftstilskot eller fastløna fysioterapeut i kommunen
  • enkelte former for tannbehandlingopphald ved rehabiliteringsinstitusjonar som har driftsavtale med regionalt helseforetak
  • behandlingsreiser til utlandet i regi av Oslo universitetssykehus - Rikshospitalet

Dette er nytt fra 1. januar 2017:

  • Du får frikort eigenandelstak 2 utan å søkja om det. Det kjem automatisk i posten innan tre veker etter at eigenandelstaket er nådd.
  • Eigenandelstaket for frikort eigenandelstak 2 for 2017 er 1990 kr.
  • Har du betalt for mykje, blir beløpet du har krav på automatisk betalt tilbake.
  • Aldersgrensa for eigenandelsfritak er heva frå 12 til 16 år.
  • Alle pasientar må betala eigenandel for behandling hos fysioterapeut - unntatt barn under 16 år og personar med yrkesskade. Dette vart vedteke av Stortinget ved handsaminga av statsbudsjettet for 2017.
  • Du kan sjølv følgja med på dine registrerte eigenandelar ved å logga deg inn på www.helsenorge.no.

Frikort egenandelstak 1 – nytt eigenandelstak for 2017: 2 205 kroner

I frikort eigenandelstak 1 inngår eigenandeler frå lege, psykolog, poliklinikk (sjukehus), røntgeninstitutt, pasientreiser og medisinar og utstyr på blå resept.

Dette frikortet får du automatisk i posten innan tre veker når du har betalt over ​2​ 205 kroner i eigenandeler i 2017.

Meir informasjon på www.helsenorge.no/frikort

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen