Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Elevar
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  17.08.2017 08:47
 
Oppdatert: 17.08.2017 13:45

Ein trygg og god skuledag

Informasjon til elevar og føresette om endringar i opplæringslova § 9A frå 1. august 2017

Opplever du å bli mobba eller krenka på skulen skal skulen reagera straks. Her får du informasjon om rettar du har og plikter skulen har viss du opplever at skulemiljøet ditt ikkje er trygt og godt.

Sei frå!

Viss du ikkje har det bra på skulen må du eller foreldra dine melda frå til rektor. Du kan også seia det til kontaktlæraren din eller ein annan vaksen på skulen. Dei har plikt til å varsla rektor om korleis du har det. Rektor skal ta deg på alvor undersøkja kva som har skjedd. Dei vaksne på skulen skal gjera alt dei kan for å hjelpa deg.

Du skal få hjelp raskt

Før det har gått ei veke skal skulen ta tak i situasjonen. Skulen skal laga ein skriftleg plan for korleis dei skal hjelpa deg, og du kan få vera med å laga planen viss du vil.

Dette har skulen plikt på seg til å gjera (aktivitetsplikta):

Alle vaksne som arbeider på skulen har plikt til å følgja med, gripa inn og varsla viss dei får mistanke om eller kjennskap til at du ikkje har det trygt og godt på skulen. Så har skulen plikt til å undersøkja og setja inn inn tiltak som sørgjer for at du får eit trygt og godt skulemiljø.

Kva gjer du viss du meiner skulen ikkje gjer nok?

Viss skulen brukar meir enn ei veke før noko skjer, kan du kontakta fylkesmannen i Hordaland. Du kan også gjera det dersom du meiner at dei tiltaka skulen set i verk ikkje hjelper. Fylkesmannen har plikt til å finna ut om skulen har gjort det dei kan. Dei kan også bestemma kva skulen skal gjera i saka. Skulen skal ikkje fatta enkeltvedtak lengre, det er det no Fylkesmannen som skal gjera i saker vert klaga inn for dei.

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og krenkingar. Viss du ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpa deg.

Vil du vita meir kan du sjå på desse lenkene:

Utdanningsdirektoratet: Kva skal skulen gjera?

Informasjon frå Fylkesmannen i Hordaland

Null mobbing

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen