Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  03.11.2017 12:34
 
Oppdatert: 03.11.2017 13:03

Åsen bufellesskap 5 år

Åsen bufellesskap opna i november 2012 og fyller 5 år i desse dagar.

Ragnhild Kabo Grov og Endre Olsen spelar og syng  Kaka

2. november vart dette feira i fellesstova i Åsen. Bebuarane inviterte både foreldre og andre pårørande til kaffi og kaker. Nokre av foreldra deltok også på fellesmiddagen tidlegare på dagen. Nils Tore Økland (Leiar Komite for rehabilitering, helse og omsorg) og Nina Steinsbø Walquist (Einingsleiar) heldt talar og overrekte flotte blomar og ein ny DAB-radio til fellesstova.

BålpanneBebuarane sjølv har i samband med jubileet investert i ei kjekk bålpanne som vart innvia med kaffikoking og laging av popcorn.

Me håpar på mange kjekke stunder rundt bålet no når me går inn i den mørke årstida, seier avdelingsleiar Øyvind Sæther Monsen. 

Endre Olsen og Ragnhild Kambo Grov spela og song til stor glede for alle.

Det var ein særs vellukka jubileumsfest.

Her kan du lesa om opninga av bufellesskapet 2012

Åsen er eit bufellesskap for personar med utvikingshemming og ligg i Knutsaåsen. Her finn ein 7 bustader som gjev eit døgnbemanna tilbod.

Bilete på topp: ragnhild Kambo Grov og Endre Olsen.
Bilete nr 2 på topp: festkaka.
Bilete nedst: bålpannea
Foto: Øyvind Sæther Monsen.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen