Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  31.03.2017 12:20
 
Oppdatert: 31.03.2017 12:47

Arbeidsløysa går ned

NAV melder om at arbeidsløysa i Sunnhordland går framleis ned. Ein må tilbake til november 2015 sist den var lågare.

Det er fleire arbeidssøkjarar som er i arbeidsretta tiltak, færre permitterte og det er ein reduksjon i delvis sysselsette. Det tyder på at det er meir rørsle i arbeidsmarknaden no.

Det er no 1059 personar som er heilt utan arbeid i Sunnhordland. Dette utgjer 3,4% av arbeidsstyrken. Arbeidsløysa i Sunnhordland gjekk ned med 303 personar i forhold til mars 2016. I forhold til februar 2017 er det ein nedgang på 94.

Yrkesgrupper, tilgang, stillingar og ungdomar

Den største arbeidsløysa finn me innan industriarbeid (272), bygg og anlegg (179), ingeniør- og IKT-fag (112) og reiseliv og transport (104).

Det er no 141 ledige ungdomar under 25 år. Tala viser ein nedgang på 59 personar i forhold til mars 2016 og åtte personar i forhold til februar 2017.

Jubel over Njord-kontrakt

Kværner Stord har teikna avtale verdt fem milliardar med Statioil. Leiar for NAV tenesteområdet Sunnhordland, Astrid Østerlid, kan fortelja om jubel i Sunnhordland då nyheten om kontrakta vart kjent.

– Me håpar at dette kan bety at me får formidla nokon av våre godt kvalifiserte arbeidssøkjarar. Me har nytta anledninga til å bygga kompetansen deira i nedgangstider, blant anna gjennom sveisekurs. Det er kjekt at arbeidsmarknaden byrjar å bevega seg i positiv retning etter ei tung tid, seier ho.

Suksess med jobbklubb for polsktalande

Seksten av sytten polsktalande deltakarar fekk jobb i løpet av tre veker.

Jobbklubb for polsktalande gjeld for personar som ikkje beherskar norsk. Tiltaket skal bidra til at deltakarane skaffar seg jobb.

Det er Treider fagskule som er tiltaksleverandør. Instruktørane ved Treider kunne fortelje om motiverte deltakarane som vart støtta og oppfordra til å bruke nettverket sitt i Norge til å skaffa arbeid. Dei har i hovudsak fått seg jobbar innan industri og bygg og anlegg, også utanfor Sunnhordland. Fleire har blitt del av ei arbeidsgruppe med formenn som beherskar polsk og norsk/engelsk. Dette viser at det nyttar med tett og aktiv oppfølging i jobbsøkinga.

www.nav.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen