Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
to jenter hand i hand
Av:  Trude Aamot
Publisert:  28.04.2017 10:06
Foto: Trodlahaugen barnehage
Oppdatert: 28.04.2017 10:16

400 000 til utvikling i skule og barnehage

Stord kommune har fått 400 000 i skjønsmidlar frå fylkesmannen til prosjektet Ein inkluderande barnehage og skule.

 Prosjektet har som målsetjing å:

- utforma ein felles strategi for barnehagar og skular gjennom brei deltaking

- skapa ein god og heilskapleg samanheng i opplæringa til alle barn og unge i Stord

- sikra ei kunnskapsbasert opplæring med tiltak ein veit kan hjelpa barnet/eleven til positiv utvikling, godt læringsutbyte og livsmeistring

Det er lagt vekt på at dette skal vera eit prosjekt der ein byggjer på trepartssamarbeid og brei medverknad. Alle einingar innan oppvekst i Stord kommune er med saman med dei tilsette sine organisasjonar og dei to vidaregåande skulane på øya. Det same er private barnehagar og foreldregruppa. Elevane si stemme skal også verta høyrt gjennom prosjektet. Fitjar kommune er referansekommune.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen