Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Trodlahaugen barnehage

leikeapparat i barnehage

Trodlahaugen barnehage er ein kommunal barnehagen med plass til 50-52 barn. Barnehagen ligg i gåavstand til Heiane næringsområde, og kort veg til Kværner Stord og anna næringsaktivitet. 
Langeland skule er næraste barneskule.

Barnehagen ligg i eit roleg bustadområde, med ein ballplass som næraste nabo. I nærområdet vårt har me kort veg til Skjepåsen, eit fint turområde med mange høve til ulike aktivitetar, og fine turområder til og ved sjø. Me har gåavstand til Sæbø gard, der me besøker dyra som bur der. 

Våre satsingsområder: 
Inkludering:  Alle barna skal få oppleva at dei er ein del av fellesskapet og får bidra med sin kompetanse ilag med andre barn og vaksne. 

Språk: Vaksne som støttar barna si språkutvikling, og som er gode språkmodellar. Barnehagen nyttar bildesymbol, ASK (alternativ, supplerende kommunikasjon) som språkstøtte til alle barn. 

Du er velkommen til å ta kontakt med styrar for avtale om besøk i barnehagen vår.

Adresse: 
Trodlahaugen 4, 5412 Stord 

Telefon: 
Styrar: 534 54 380
Mobil: 402 16 962

Følg Trodlahaugen barnehage på facebook

Hugs å søkja sommarbarnehage innan 14. april

Dei kommunale barneahagane i Stord kommune har tilbod om sommarbarneahge. 

Sommarbarnehagen i år er i Furuly barnehage. 

Aktuelt

Frontbilete raud gruppe

Velkomen til dei kommunale barnehagane

Me ønskjer at barnehagen skal vera dein del av den gode barndommen for barnet ditt, og me ønskjer at tida i barnehagen skal rusta barnet for framtida
barn leika inne

Leik og aktivitet i barnehagen

Me har mange kjekke aktivitetar både inne og ute i barnehagen vår. Og kvar veke er alle gruppene på tur i nærmiljøet til barnehagen.
Bokprosjekt

Bokprosjekt

Heile barnehagen er godt i gang med å laga bok. Dette er eit samarbeidsprosjekt ilag med den lokale barnebokforfattaren Helge Hammersland.