Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Tjødnalio skule
Publisert:  17.06.2011
 
Oppdatert: 27.03.2014

Råd og utval

FAU
Samarbeidsutvalet
Elevrådet
Skulemiljøutvalet
17. maikomite

 

 FUG

Kjære foreldre og føresette!

Her følgjer Foreldrearbeidsutvalet for grunnskulen sine råd til føresette:

  • Du er den første og viktigaste læraren til barnet ditt!
  • Er du engasjert, gjer barnet ditt det betre på skulen.
  • Engasjementet ditt er like viktig på ungdomstrinnet som på barneskulen.
  • Diskuterer du med barna, stimulerer du tankane og utviklinga deira.
  • Det er viktig at du er med og vurderer arbeidet til barna.
  • Når du bryr deg, blir barnet meir motivert og trivst betre på skulen.
  • Trua di på eiga rolle, og på at du kan vere med og påverke, er viktig for barnet ditt.
  • Har du eit godt forhold til skulen, påverkar det resultata til barnet.
  • At du kjenner dei andre foreldra, fører til betre samarbeid og oppfølging.
  • Foreldra er ein viktig ressurs for skulegangen til barna!
  • Vis at du synest at lekser er viktig
  • Ver interessert i skulen
  • Les saman med barnet
  • Ta barnet med til biblioteket, snakk med han eller ho om kva ting heiter og funksjonen deira.
  • Snakk med barnet om kva han eller ho har opplevd eller lært på skulen.Snakk med barnet om viktige tema, og lytt til han eller henne
  • Ha faste tider for lekser
  • Gå gjennom prøveresultat med barnet for å sjå kva som vart feil.
  • Ver ein god modell ved å visa at du les.Snakk direkte med lærar i staden for å bruka barnet som mellomlekk
  • Ros barnet, også når han eller ho ikkje får så gode resultat som du forventar.
  • Hugs at du veit mest om ditt barn og korleis barnet ditt lærer nye ting. Bruk det!

Helsing Foreldrearbeidsutvalet for grunnskulen 

.

Adresse:

Tjødnalio skule

5410 Sagvåg

Telefon skule: 53409730

Telefon SFO: 53409735

Ansvarleg redaktør: Sigrid Røsseland