Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Gunn Litlabø
Publisert:  16.03.2017 16:50
 
Oppdatert: 16.03.2017 17:18

Besøk av ordføraren

Fredag i sist veke hadde 6. trinnet besøk av ordføraren

Elevane på 6. trinnet skulle i førre veke lære om kommunestyret, og fekk i høve det besøk av sjefen sjølv, ordførar Harry Herstad.

I forkant av besøket hadde elevane fått skrive ned spørsmål til ordføraren. Gjennom demokratiske prosessar på trinnet valde elevane kva for spørsmål som skulle stillast og kven som fekk seia dei. Dei måtte sjølvsagt setje seg litt inn i kva eit kommunestyre er og kvifor vi har det.






Sjølv om Harry Herstad var oppteken med å delta i formannskapsmøte same dag, tok han seg tid til å kome ut til Tjødnalio i lunsjpausen. Læraren kunne trøyste han med at han skulle få vaflar frå skulen.

Elevane spurde kvifor han ville ta seg tid til å kome. Det kunne Herstad svare godt på. Han svarte at det var ein viktig del av jobben som ordførar å kjenna til dei instansane som han er med å styre. For å kunne ta gode slutningar i viktige sakar, mellom anna om skule, er det avgjerande at ein kjenner til korleis ein har det i skulane i Stord kommune. Han vil òg ha eit andleta bak sakpapira.

Elevane spurde mange gode spørsmål om korleis jobben som ordførar er, om han trivst, eller om det er noko som vanskeleg med jobben.
Dei lærde at jobben hadde lange (men givande) dagar, og at nokon dagar sjølvsagt er kjekkare enn andre.
Ikkje alt med jobben var like lett, kunne Herstad avsløra, men til sjuande og sist får han oppleva og lære mykje som han set stor pris på.

Ein av elevane spurde: «Set du deg og din jobb høgare enn andre og deira jobbar?».
Nei, kom det tydeleg frå Herstad. Han går ikkje rundt og trur han er betre enn andre. Derfor var det viktig å kunne ta seg tid til å snakke saman med dei som ikkje blir høyrd av andre. Han samanlikna jobben sin med tillitsvaltrolla, og meinte det derfor var viktig å kjenne dei ulike personane han representerer i kommunen.

Etter intervjuet måtte ein sjølvsagt ta eit gruppebilete med ordføraren, og nokre av elevane klarte å få med seg ein autograf før han måtte springe att til formannskapsmøtet.

Refr.: Marita Vassnes

.

Adresse:

Tjødnalio skule

5410 Sagvåg

Telefon skule: 53409730

Telefon SFO: 53409735

Ansvarleg redaktør: Sigrid Røsseland