Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  04.10.2016
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert: 23.02.2017

Tilrettelegging av barnehagetilbod for barn med nedsett funksjonevne

Omtale

Kommunen skal sikra at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Plikta til tilrettelegging omfattar ikkje tiltak som inneber ei uforholdsmessig byrde for kommunen.

Individuell tilrettelegging av barnehagetilbodet skal ivareta barn som ikkje får sikra behova sine gjennom dei generelle tilretteleggingskrava til barnehagen. Kravet om individuell tilrettelegging krev at det er varig relasjon mellom barnet med nedsett funksjonsevne og barnehagen som får plikt til individuell tilrettelegging. Det betyr at kortvarig funksjonsnedsetting fell utanfor.

Ved vurderinga av om tilrettelegginga inneber ei uforholdsmessig byrde, skal det særleg leggjast vekt på tilrettelegginga si effekt for å byggja ned funksjonshemmande barrierer, dei nødvendige kostnadane ved tilrettelegginga og verksemda sine ressursar. Barn kan difor i unntakstilfelle verta tilbydd plass i ein annan barnehage enn den føresette ynskjer, dersom individuell tilrettelegging ved den ønska barnehagen er uforholdsmessig byrdefull. Døme på tilrettelegging kan vera at kommunen syt for at barnehagen har det nødvendige utstyret, støtte til bygningsmessige endringar eller støtte til ekstra bemanning.

Kommunen fattar vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet til barn med nedsett funksjonsevne.

Målgruppe

Barn med nedsett funksjonsevne som bur i kommunen og som har barnehageplass.

Vilkår

Kommunen si tilretteleggingsplikt gjeld tiltak som er nødvendige for at barnet skal kunna gjera seg nytte av barnehageplassen.

Rettleiing

Føresette ber om tilrettelegging i samråd med barnehage/helsestasjon/PPT.

Du kan ta kontakt med kommunen for å få hjelp med søknaden.

Saksbehandling

Melding eller søknad om tilrettelegging vert handsama etter kvart som dei kjem inn, og i tråd med forvaltingslova sine krav om sakshandsamingstid.

Kontaktinformasjon

Utviklingsgruppa

Ragnhild Storebø

Telefon 53 49 69 14

Nancy Aasheim

Telefon 53 45 64 85

E-post barnehageopptak@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen