Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  26.06.2009
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert: 25.08.2016

Spesialpedagogisk hjelp

Foreldre kan søkja om spesialpedagogisk hjelp til barn med plass i barnehage eller som er heime.

Hjelpa kan fysisk knytast til barnehagar, sosiale og medisinske institusjonar og liknande, eller hjelpa kan organiserast som eigne tiltak. Hjelpa kan også gjevast av PPT eller ein annan sakkunnig instans.

Målgruppe

Barn under opplæringspliktig alder som har særlege behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp. Hjelpa skal også omfatta tilbod om foreldrerådgjeving.

Vilkår

For å ha rett til spesialpedagogisk hjelp, må det liggja føre ei positiv Sakkunnig vurdering (Barnehageloven § 19 d) frå Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). Denne vurderinga må visa om barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp, og kva for hjelp som bør gjevast.

Samarbeidspartnarar

Relaterte tenester

Lover

Rett til slik hjelp er heimla i Barnehageloven § 19 a - Sjå lovdata

Rettleiing

Søknadsskjema

For barn som har plass i barnehage, vil barnehagen til vanleg i januar / februar kvar vår, senda ut søknadsskjema. Barnehagen vil også hjelpa foreldre/føresette i samband med evt. kontakt med PPT.

Føreldre/føresette kan også kontakta PPT direkte dersom dei meiner at barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp.

For evt. barn som ikkje har vore i barnehage, vil PPT så sant dei kjenner til barnet, syta for at sakshandsamar ved Utviklingsgruppa får nødvendige opplysningar.

Søknadene frå barnehagane vert deretter sendt samla over til Utviklingsgruppa.

Søknadsfrist

Saksbehandling

Sakshandsamar som har desse sakene ved Utviklingsgruppa, vil deretter (til vanleg i april / mai) gjera vedtak om evt. tildeling for samtlege førskulebarn. Melding om vedtaket vert sendt til kvar einskild søkjar og med kopi til aktuell barnehage.

Klage

I svarskrivet frå kommunen vil det verta gjeve nærare opplysningar om evt. klagerett, då det er Fylkesmannen i Hordaland ved Utdanningsavdelinga som er klageinstans for desse sakene. Generell informasjon om innsyns- og klagerett.

Kontaktinformasjon

Annan informasjon

Søkeord

Kontaktinformasjon

Nancy Aasheim
Telefon: 53 45 64 85
Telefax: 53 49 66 01
E-post: nancy.aasheim@stord.kommune.no

Besøksadresse
Rådhuset, Borggata 2, Leirvik

Postadresse
Postboks 304, 5402 Stord

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen