Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  11.05.2015
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert: 03.04.2017

Redusert foreldrebetaling

Omtale

Foreldre med låg betalingsevne kan søkja kommunen om reduksjon i foreldrebetaling for barnehageplass, jf. Forskrift om foreldrebetaling i barnehager, § 3 Moderasjonsordninger. Det kan også verta innvilga friplass med heimel i sosialteneste- og barnevernlova. 

To ordningar

Det er to ordningar for moderasjon i foreldrebetaling for barnehageplass:

- Redusert foreldrebetaling

Ingen hushald skal betala meir enn seks prosent av inntekta si for ein barnehageplass. Hushald med samla inntekt under kr 500 500 vil betala mindre enn makspris.

- Gratis kjernetid for 3, 4 og 5 åringar og barn med utsett skulestart som bur i hushald med låg inntekt

Alle 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Ordninga gjeld då for hushald med ei samla nntekt under 428 000 kroner.

Felles for ordningane

Betalinga skal reknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt.

Hushald: einsleg, ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande tilhøve i minst 12 av dei 18 siste månadene, eller har felles barn. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.

Det er 30 % søskenmoderasjon for 2. barn og 50 % søskenmoderasjon for 3. eller fleire barn.

Vilkår

  • Familien må ha barnehageplass i offentleg godkjent barnehage, og vera busett og folkeregistrert i Stord kommune.
  • Inntektene til husstanden må vera lågare enn ei av dei to ordningane.

Rettleiing

Ordninga er søknadsbasert, og det kan søkjast for eitt år om gongen. Her finn du søknadsskjema.

De må søkja på nytt for kvart barnehageår, med ny dokumentasjon for husstanden di samla inntekt. Me tilrår at de søkjer for neste barnehageår innan 15. mai.

Inntekter må dokumenterast

Dokumentasjon er sjølvmelding(ar) frå siste år. Er det vesentlege endringar som ikkje syner i sjølvmeldinga, skal ein leggja ved annan dokumentasjon som:

  • For arbeidstakarar: arbeidsinntekt/kopi av lønsslipp.
  • For sjølvstendig næringsdrivande: stadfesting frå rekneskapsførar/revisor på venta inntekt.
  • For arbeidsledige: kopi av siste utbetaling frå NAV.
  • For studentar: kopi av studentbevis – stadfesting av studieplass.
  • Ev. annan relevant dokumentasjon.

Som personinntekt vert rekna:

  • Ytingar frå NAV
  • Sjukepengar eller arbeidsavklaringspengar
  • Uføretrygd
  • Dagpengar
  • Stønad som einsleg forsytar
  • Etterlattepensjon

Som kapitalinntekter vert rekna:

  • Fast eigedom
  • Renteinntekter, fonds- og aksjeutbyte
  • Gevinst ved sal av eigedom og lausøre

Andre inntekter

  • Leigeinntekter

Dokumentasjonen må ikkje vera eldre enn 1 månad. Familiar med vedtak om reduksjon i foreldrebetaling pliktar å melda frå om endringar i den økonomiske situasjonen. Endringane kan ha konsekvensar for vedtaket.

Saksbehandling

Stord kommune ved Utviklingsgruppa vil ta ei skjønsvurdering ved fastsetjing av foreldrebetaling.

Vedtak vert gjort for gjeldande barnehageår. Vedtaket har ikkje tilbakeverkande kraft. Iverksetjing er frå første betalingsmånad etter at vedtaket er fatta.

Klage

Sakshandsaming/klagerett er i tråd med krav i Forvaltningslova.

Kontakt

Telefon

53 49 66 00 (sentralbordet)
53 49 66 01 (fax)

E-postadresse

Postadresse

Borggata 2
Postboks 304, 5402 Stord 

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen